Hopp til innhold

Obama ber ordførarar sjå på reglar for maktbruk i politiet

Tidlegare president Barack Obama talte onsdag til unge amerikanarar om den dramatiske situasjonen som USA står i etter drapet på George Floyd.

Obama bad ordførarar i alle amerikanske byar om å gå gjennom reglane for når og korleis politiet kan bruke makt.

– Eg vil snakke direkte til unge svarte menn og kvinner i dette landet. Eg vil at du skal vite at du betyr noko. Eg vil at du skal vite at draumane dine betyr noko, sa Barack Obama i eit direktesendt folkemøte på nett.

Møtet vart halde medan USA opplever store demonstrasjonar i protest mot politivald og rasisme etter drapet på Floyd i Minneapolis.

Obama: – Vanskeleg, skremmande

Obama seier at situasjonen er «vanskeleg, skremmande og usikker».

Men at han og byr på ei utruleg stor moglegheit for folk til å vakne og oppdage den systematiske rasismen i USA.

Tre gonger større risiko for svarte

Obama tok og til orde for politireformer.

Han bad alle ordførarar i amerikanske byar om å gå gjennom retningslinene til politiet for bruk av makt.

nettsida til Obama Foundation ber han om at ordførarane, politisjefar og lokale styresmakter forpliktar seg til gjere dette.

Over 1000 menneske vert drepne av politiet i USA kvart år, ifølgje nettsida Mapping Police Violence. Svarte amerikanarar har nær tre gonger så stor risiko for å døy i politiet sin varetekt som kvite.

Politimannen som arresterte Floyd, vart onsdag sikta for forsettleg drap.

Sørgende foran en murvegg med grafitti-tegning av George Floyd i Minneapolis i USA.

George Floyd døydde då ein politimann heldt han nede med press mot nakken på gata i Minneapolis 25. mai. Her står folk framføre eit veggmåleri i Minneapolis.

Foto: Bebeto Matthews / AP/NTB Scanpix

Les og: URIX forklarer: Difor er USA på brestepunktet

SISTE NYTT

Siste nytt