Det var Nettavisen som først melde om den nye videoen. Sekkingstad ber for livet sitt saman med ein kanadisk mann og ei filippinsk kvinne. Dei tre ber styresmaktene i Noreg, Canada og Filippinane om å inngå ein avtale med gisseltakarane, slik at dei kan setjast fri.
Sekkingsstad vart bortført saman med to kanadiske statsborgarar og ei filippinsk kvinne. Dei eine av kanadiarane, John Ridsel, vart
, etter at fristen for å betale løysepengar gjekk ut.Pressevakt i Utanriksdeparptementet, Rune Bjåstad, seier at dei er kjende med den nye videoen, men at dei ikkje ynskjer å kommentere detaljar.
– VI arbeider for å bidra til ei best mogleg løysing i denne saka. Det viktigaste for oss er liva og helsa til gislane, og omsynet til dei pårørande, seier Bjåstad.