Hopp til innhold

Møt kongen av kloakken i Romania

«Bruce Lee» har skapt ein heim for hundrevis av hiv-smitta og tuberkolosesjuke ungdommar i undergrunnen. Der er han kongen over dei utstøytte i EU-hovudstaden Bucuresti.

Bruce Lee opp

Sju år etter at Romania vart EU medlem bur det framleis fleire hundre born og unge i kloakken midt i sentrum av hovudstaden Bucuresti.

Kloakkbarna i Bucuresti

Ungdommane held humøret oppe sjølv om snart 40 av dei har døydd av sjukdom i år.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Det er ein underleg trafikk. Born heilt ned i tiårsalderen klatrar opp og ned eit kumlokk midt i sentrum av Bucuresti. Rett ved drosjekøen til jernbanestasjonen Gara De Nord. Regn har ført til flaum i undergrunnen, og ungdommane ber bøtte på bøtte ut av kumlokket.

Ein time før møter eg sosialarbeidaren Alina Dumitriu. Ho skal hjelpe meg med innpass i samfunnet som eksisterer i kloakken. Når vi nærmar oss kumlokket blir vi bedt om ikkje å filme. Ungdommane er aggressive. Dei likar ikkje framande som lurer rundt.

Vi blir berga av 20 år gamle Ilinca, som har budd i kloakken i seks år. Ho heng rundt og har ei slags oppgåve med å passe på.

Vi fortel at vi har avtale med sjefen for dette samfunnet. Han som blir kalla Bruce Lee, og skal vere den tøffaste slåstkjempa i Gara de Nord. Men Ilinca fortel at Bruce Lee søv. Ingen tør å vekke han frå middagsluren. Så vi må kome tilbake seinare.

Kloakkbarna

Kloakk-kongen Bruce Lee ber dei narkomane ungdommane å rydde etter seg. - Dei må lære å respektere seg sjølv, seier han.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Dårlege kår for sosialarbeidarar i Romania

Alina Dumitriu

Alina Dumitriu er leiar for organisasjonen Sens Pozitiv som arbeider for å betre kåra til Hivpositive i Romania. Ho meiner kloakkfolket er gløymt av styresmaktene.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Vi går tilbake til hotellet, som ligg 100 meter unna og drikk kaffi. Dumitriu fortel at organisasjonen hennar, som arbeider mot spreiinga av hiv, vart slått konkurs førre veke. Det offentlege er pengelens. Og det er vanskeleg å få EØS-midlar, for det krev medfinansiering frå det offentlege.

– Kommunen har ikkje pengar til å medfinansiere sosialarbeid, fortel Dumitriu.

Sju år etter at Romania vart EU medlem bur det framleis fleire hundre born og unge i kloakken midt i sentrum av hovudstaden Bucuresti. Dei blir sett på med avsky, og sjølv har dei vendt samfunnet ryggen og samla seg rundt ein karismaktisk leiar som kallar seg Bruce Lee. Han har budd i kloakken sidan han vart kasta ut av ein av barneheimane til Ceaucescu på 1990-talet.

Det bur heimlause i kloakk og sentralvarmekanalar fleire stadar i Bucuresti. For under bakken er det varmt. Kor mange dei er veit ingen. Det er alt frå 500 til 2000. Kommunen hevdar det er 750, og har oppretta nokre herberger for å avhjelpe situasjonen, men kapasiteten er allereie sprengt.

Byen under byen

Når vi går tilbake til kumlokket møter vi igjen Ilinca, som er svært snakkesalig.

– Når folk ser meg klatre ut av kumlokket, seier folk at «der kjem djevelen». Djevelen altså, hahaha.

Ho fortel at ho har blitt kristen, og at ho har slutta med stoff. Ho brettar opp armane for å vise at ho meiner alvor. For det er skitne sprøyter som har ført til at så mange som 40 personar har døydd i det siste, meiner ho.

Får ho skikk på livet sitt er draumen å reise til Amerika.

Kva skal du gjere der då?

– For ein person som meg er det berre ein ting å gjere, eg vil bu på gata der og, svarar ho.

Små draumar altså. Men draumane blir kanskje små når ein bur i undergrunnen.

På spørsmål om korleis ho enda opp i kloakken, fortel ho noko om ein dobbeltabort og problem på skulen, men ho snakkar så usamanhengande at det er vanskeleg å få med seg alt. Trafikken til og frå jernbanestasjonen suser forbi.

– Kvifor kjem ikkje politiet og stenger holet?

– Dei held seg unna, elles får dei bank av Bruce Lee! POW!

Ilinka slår eit karateslag i lufta.

Videoklippet viser den skjulte verda i kloakken i Bucuresti sentrum.

Men også Bruce Lee har vore i alvorleg klammeri med politiet. Han kjøpte eit religiøst ikon som han hadde hengt opp på soverommet sitt nede i undergrunnen. Han visste ikkje at det var uerstatteleg, over to hundre år gammalt.

Politiet røyka bebuarane ut med tåregass og henta ikonet. Så la dei betong over inngangen. Bruce Lee og nokre lojale løytnantar vart levande gravlagt. Det tok han to dagar å skjære seg ut med skjerebrennar. Då han endeleg kom opp til overflata fekk han to månadar i fengsel.

Når han kom tilbake var det fullt anarki i undergrunnen. Lokal mafia, sokalla «smecheri», hadde igjen byrja å ta beskyttelsespengar. Folk hadde brote alkoholforbodet og jentene hadde blitt valdtekne.

Audiens hjå kongen av kloakken

Endeleg er middagsluren over og den myteomspunne kongen av kloakken stig opp frå mørket i undergrunnen. Han er kledd i ei skinnjakke, med pins frå kommunist-tida. Rundt livet klirrar hundrevis av nøklar i ein kjetting.

Samtale med "Bruce Lee"

Ingenting her i verda er gratis, formanar 'Bruce Lee.'

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Med barten liknar han mest på ein underverdas Freddie Mercury. Han har eit plaga drag over andletet, men smilet sit laust. Han gliser når NRKs omfangsrike representant blir bedd med ned i det aller heilagaste. Hotellet, der alle bur.

Inngangspartiet er pynta med to ørner som er malt med sølvfarga Aurolac. Det er lakk meint for å spraylakkere bilar. Men under kommunismen fann nokre barneheimsbarn ut at dette kunne gje ein behageleg rus. Framleis er dette den billegaste rusen som er å få i landet, og dei som sniffar dette blir sett på som dei aller mest desperate rusmisbrukarane.

Kloakken i Romania

Sniffing av lakk øydelegg tennene, lungene og hjernen

Foto: ROGER SEVRIN BRULAND / NRK

Rundt på overflata står fleire gutar og inhalerer lakken frå ein pose dei held over munnen. Dei har sølvmaling i andletet. Dei seier det ikkje er farleg. Bruce Lee er litt meir i tvil. Han har slutta med aurolac for mange år sidan.

– Eg har sniffa meg i koma ni gangar, no er det slutt fortel han. Men han lar ungdommane sniffe. Det er betre enn å injisere heroin eller syntetiske preparat. Hiv-smitte og hepatitt drep deg raskare enn lakk er den generelle oppfatninga blant rusmisbrukarane.

Meir enn 50 % av dei som bur i kloakken er hiv-smitta. Rundt 90 % har hepatitt C. I tillegg er det mange som har tuberkulose.

– Ikkje la nokon hoste på deg, og pass deg for brukte sprøyter, er siste rådet frå sosialarbeidar Dumitriu før eg stig ned i det som er buavdelinga i undergrunnen.

Inn i undergrunnen

Bruce Lee ned holet

Bli med ned i verda mi, lokkar 'Bruce Lee.'

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Så pressar eg meg inn det smale holet. Og det går ikkje lenger før eg kjenner det knase under skoen. Eg har trakka på den første blodige sprøyta. Så merker eg varmen og stanken. Varmen kjem frå digre rør til sentralvarmeanlegget som vart bygd av Ceaucescu for å varme opp Bucuresti. For å hindre brannskadar, har Bruce Lee lagt sement oppå røra.

Det er for lågt under taket til å stå, så vi krabbar på alle fire. Det er ekkelt og skittent, og det går ikkje lenge før sveitten byrjar å drive. I ein krok sit nokre jenter og set sprøyter med heroin og syntetisk metadon. Det går føre seg openlyst narkotikasal. Dei får kjeft av Bruce Lee fordi det er så rotete.

– Vi har nokre få reglar her nede, fortel han. Det er ikkje lov til å slost eller drikke seg full. Alle må rydde etter seg. Vi må respektere kvarandre, fordi her ser vi på oss sjølve som ein del av ein familie. Dei må ikkje berre respektere meg, men også kvarandre, fortel han.

Kva som skjer med dei som bryt reglane, får vi ikkje vite, men det vil ikkje Bruce Lee anbefale nokon å finne ut.

Misbruk av narkotika

Unge hender, som viser eit hardt liv.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Kloakkens Robin Hood

Bruce Lee har pynta romma med måleri på veggen, og han har installert elektrisk lys. Elektrisiteten tappar dei frå det kommunale nettet. Før i gamle dagar brukte dei stearinlys, og det hende at rusa personar laga brann.

– Mange brann i hel, fortel Bruce Lee.

Vidare innover er det 9-10 rom til. Dei er delt opp av luftige murveggar, slik at lufta kan sirkulere. Inngangen til romma er så små at berre personar under 70 kilo kan presse seg inn.

– Politifolka er for feite, ler han.

Her kan ungdommane ruse seg utan å frykte å bli valdtekne eller banka opp. Og på vinteren kan ein uteligger få litt varme i kroppen..

– Om vinteren er det stappfullt her. Fullt!, fortel Bruce Lee.

– Dei har lys, varme, og eg kjøper dei klede viss dei treng det.

Sprøyte

Dei fleste er Hivsmitta og har Hepatitt C. Årsaka er at det er vanskeleg å få tak i reine sprøyter.

Foto: Roger Sevrin BRuland / NRK

Han blir skulda for å vere narkolangar, hallik og tjuv. men han avviser alt, bortsett frå det med tjuv. Han viser nøklane sine rundt livet og fortel at han er tjuv av fag. For han ser på seg sjølv som ein moderne Robin Hood, eller Haiduc, som det blir kalla i Romania. Han tek frå dei rike og gjev til dei fattige.

Ein ung mann kjem innom for å levere frå seg det som truleg er tjuvgods. Vonbrotet er stor då Bruce Lee slår fast det ikkje er sølv, men alpaca.

Bruce Lee seier at det i gamle dagar var eit stort problem at prostituerte vart mishandla av lokale kriminelle. I undergrunnen har dei no ein trygg heim. Men han meiner likevel at dei kan finne seg ein annan måte å tene pengar på.

– Kor mange månadar er du på veg no Roxana, spør Bruce Lee, og vender seg til ei ung tannlaus jente.

– Ein månad, svarar ho.

Bruce Lee ristar oppgitt på hovudet. Så mobbar ei anna jente som har sagt ho ynskjer å bli prostituert.

– Jasså vil du gi oralsex til framande menn? Kva slags ambisjonar er det, spør han.

– Eg prøvar å lage lys der det berre er mørke. Det er ingen som gjev desse folka ein sjanse, bortsett frå meg. Her får dei eit meir verdig liv, fortel han.

Får ikkje leve som vanlege folk

Eg spør om dei verkeleg ikkje har noko anna val enn å bu i kloakken. Kan dei ikkje skaffe seg eit meir verdig liv på overflata?

– Kan du ikkje sjå for deg sjølv at vi ikkje har noko anna val? Det finst ikkje noko anna alternativ. Ingen gjev oss noko. Staten gjer ingenting for oss. Vi er ingenting for dei. Dei ser på oss som dyr. Dei dømmer oss, og foraktar oss. Dei seier vi er samfunnets avskum, dei gjer oss ingen moglegheiter. Og vi har prøvd!

Bruce Lee fortel han fleire gongar har prøvd å leige eit hus i Bucuresti. Men at han kvar gong har blitt kasta ut av politiet. Han fekk ikkje tilbake pengane han hadde betalt heller. For dei som bur i kloakken har ingen papir som ID-kort, og då er det vanskeleg å hyre inn advokatar, eller klage til det offentlege.

Vaks opp på Ceausescus barneheimar

Bruce Lee heiter opphavleg Florin Cora. Han er frå Ramnicu Valcea sentralt i Romania. Mora forlét han då han var tre dagar gammal. Han vaks opp i dei overfyllte kommunistbarneheimane. Men då Ceausescu vart styrta, var det ikkje lenger noko krav at staten skulle ta seg av dei foreldrelause som snart likevel var myndige.

– Eg var eit problembarn, eg hamna i slåstkampar og laga mykje uro, så rektor ved barneheimen kasta meg på gata då eg var 17 år, fortel han.

Han hamna raskt i dårleg selskap, og vakna ein dag opp på eit tog som var på veg til Bucuresti. Ein dårleg ven hadde teke alle pengane hans. Så han byrja å vanke med dei heimlause rundt jernbanestasjonen. Han stal saman med dei, og byrja å sjå liva deira og problema deira.

Varmt og godt i kloakken

Det er varmt og godt under gateplan. Men lukta er ille.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Korleis fekk du namnet Bruce Lee?

– Då eg budde på barneheimen såg eg alle filmane med Bruce Lee. Og eg lærte meg karate ved å sjå desse filmane. Bruce Lee er mitt store idol!

Det var vinter og kaldt då Bruce Lee kom til Bucuresti på 90-talet. Han var kledd i ei tradisjonell saueskinnskåpe. Slik som gjetarane går med. Han såg ut som eit skikkeleg gudsord frå landet, og vart mobba av dei andre heimlause. Men det var heilt til dei fekk sjå guten slost.

Han banka opp hardbarka kriminelle frå Tyrkia, som då styrte mykje av narkohandelen og prostitusjonen ved jernbanestasjonen. Dei brukte å presse narkomane jenter til å prostituere seg, og dei mishandla dei heimlause.

Det var då Florin Cora stakk ut eit auge på ein tyrkisk gangster at dei andre byrja å kalle han for Bruce Lee.

Men i kloakken blir han for det meste kalla far. For det er han som er den einaste vaksenpersonen og grensesettaren for dei mange mindreårige.

– Alle må arbeide

Eg byrjar å finne tonen med Bruce Lee. Han får låne Narvesen-lighteren min og fyrer opp ein røyk. Lighteren får eg tilbake, for filosofien til Bruce Lee er at ein ikkje får noko gratis her i livet.

Opp kumlokket

Trafikken opp og ned skjer rett ved inngangen til jernbanestasjonen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Så blir eg bedd med til det som han kallar verkstaden. Den ligg rett utanfor hovudinngangen til jernbanestasjonen. Under ein valkamp-plakat som minner om at det snart er presidentval i Romania.

Vi klatrar ned ein skral stige, og eit langt rom openberrar seg. Her er det flatskjerm-TV på veggen, kattar og hundar. I enden av rommet sit nokre karar og kappar plastikken av elektriske ledningar. Koparen blir selt til kilopris. Dette er det økonomiske hjarte av kongeriket til Bruce Lee.

– Alle må bidra. Eg prøvar å gje dei ei meining med livet. Dei må vaske, hente vatn, ingen kan ligge å late seg heile dagen. Du må lære deg å leve livet ditt. Arbeid er godt for alle, og det prøvar eg å få dei tol å forstå. Dei samlar inn metall frå søpla, som vi sel og får pengar for. Pengane brukar vi til å kjøpe mat, klede og betale sjukehusrekningar.

Arbeider

Også sjefen tek i eit tak i 'verkstaden.'

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Vi må få ein president av folket

Vi spør han om valet i Romania (som er 2 november). Og lurer på om kva han ville gjere viss han ikkje berre var leiar av undergrunnen, men av heile Romania. Det er tydeleg at han er stolt over å få eit slikt spørsmål. Han ber dei andre om å halde kjeft. Dette er viktig.

– Eg ville ta ein spade og arbeide saman med vanlege arbeidarar. Eg vil oppleve korleis det er å vere på golvet. Eg vil gjere dette i ei veke eller to. Etter dette ville eg ikkje vere i stand til å ha urealistiske forventningar.

– For det er difor dette landet blir svekka, fordi politikarane berre hyrer inn slektningane sine. Nei, eg seier at skal vi få skikk på landet vårt, må vi få ein president som er av folket. Og viss eg var president, ville eg endre heile systemet. Eg ville ha gitt politikarane våre sparken og sendt dei til verdas ende, slik at dei kan sjå kor fælt livet er, der ein enkel bonde arbeider dagen lang med ein spade.

Leiger inn kokke og vekterfirma

For å passe på at ingen forstyrrar, har Bruce Lee leigt inn eit vektarfirma som passar på alle inngangane. Han fortel at den lokale mafiaen regelmessig kjem for å be om beskyttelsepengar.

– Tenk det at folk med heimar, kjem for å presse oss heimlause for pengar?

Bruce Lee ristar på hovudet.

Han har også engasjert ei kokke som kvar dag lagar ein stor bolle med suppe. Bruce Lee fortel at det ikkje er nokon vits å gje narkomane pengar, så han prøvar heller å gje dei det dei treng. Med nokre unnatak.

Han spør om nokon har mata hundane, og sender ein kar av garde med 60 kroner for å kjøpe hundemat. Han får beskjed om å kome tilbake med kvittering.

Bruce Lee over bakken

Det er flaum i undergrunnen kvar gong det regnar. Bruce Lee er oppe for å dirigere lensinga.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Bruce Lee går også svanger om å leige inn ein lærar, slik at alle kan få undervisning, men det er kanskje ikkje så lett å få tak i nokon med utdanning, som er villege til å gå ned i den skitne kloakken.

Rundt han arbeider eit fargerikt persongalleri. Det er rumenarar og Rom. Menn og kvinner. Alle har ei historie, ei årsak til at dei har hamna på skråplanet. Her er dei alle vener, samhaldet er sterkt, og ingen dømer kvarandre.

Politiet lar dei vere i fred. Kanskje fordi Bruce Lee på sett og vis held kontroll på personar som elles kunne ha vore farlege.

Fryktar for framtida

Titt opp (kvadratisk)

Ein vanleg dag på jobben. Under kumlokket bur det over hundre heimlause.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Eg spør han om framtida, og ventar meg eit svar om korleis 40-åringen ser på å bli gammal i kloakken. I staden får eg eit svar som sjølv Greenpeace ville ha blitt stolt av.

– Skogen blir hogd ned, dei øydelegg naturen for å lage gullgruve. Og når du øydelegg naturen, vatnet, så trur eg menneska vil utslette seg sjølv, drepe seg sjølv fordi vi er så grådige, seier Bruce Lee i lyset frå stolen elektrisitet, medan han skjer gummien av elektrisk skrot.

Vel ute av kloakken, og på veg tilbake til det komfortable hotellet eit steinkast unna, står byens lause fuglar på rekke og rad. «Hei Roger», seier dei. Aggressiviteten som eg møtte tidlegare på dagen er vekk. Og det går opp for meg at eg ikkje lenger blir sett på som ein trussel. Eg er ein av dei no, ein av gjengen.

Eg lova ei av dei å vidareformidle ei helsing til kjærasten som sit i fengsel. Her er den: Helsing til Silviu som sit i fengsel

SISTE NYTT

Siste nytt