Tidlegare Mossad-sjef Meir Dagan var nyleg gjest på det amerikanske fjernsynsprogrammet 60 Minutes på CBS. I dette intervjuet sa han at konfrontasjon mellom Iran og Israel kunne få i gang ein regional krig med ingen ende i sikte.
Trur Obama kan handle militært
USA-president Barack Obama har tidlegare sagt at han er open for å bruke alle middel for å hindre Iran i å skaffe seg atomvåpen. Dagan trur det er sannsynleg at Obama vil gjere ord til handling i dette tilfellet.
– Ei militær intervensjon ligg på bordet, og Obama kjem ikkje til å tillate at Iran blir ei atommakt. Frå mi erfaring så er det grunn til å stole på kva den amerikanske presidenten seier.
Dagan, som var sjef for den israelske etterretningsorganisasjonen frå 2002 til 2011, viser i intervjuet at han har ein mindre aggressiv tone overfor Iran enn Obama.
- LES OGSÅ: – Ingen avgjerd om Iran-angrep
- LES OGSÅ: Israel diskuterer Iran-angrep
– Eg trur at Israel vil vere i ein svært alvorleg situasjon i lang tid, dersom dei går til åtak mot Iran sitt atomprogram.
Dagan er også skeptisk til at eit åtak mot Iran vil vere ein effektiv måte å hindre landet i å skaffe seg atomvåpen på.
Meiner Iran-regimet er rasjonelt
Degan seier i intervjuet at regimet i Iran er eit rasjonelt regime. Det same seier han om presidenten Mahmoud Ahmadinejad.
– Ikkje akkurat vår måte å vere rasjonell, men eg meiner han er rasjonell, seier han. Med det meiner han at den iranske måten å tenkje på er forskjellig frå den vestlege.
– Dei overveiar alle konsekvensane av kva dei gjer. Eg trur iranarane på det noverande tidspunktet går svært forsiktig fram.
Dagan meiner at i staden for militær intervensjon, burde Vesten heller konsentrert seg om å få i gang eit regimeskifte i Iran.
– Det er vår plikt å hjelpe kven som helst som står for ein open opposisjon mot regimet i Iran.
60 Minutes spurte også Degan om Israel har støtta ungdomsorganisasjonane som heldt protestar i Iran ved det siste presidentvalet. Dette spørsmålet nekta han å svare på.