Hopp til innhold

Mistenkt for minst seks bestialske drap

Politiet i den tyske delstaten Hessen trur ein 67 år gammal mann som døydde i 2014, var ein seriedrapsmann med minst seks bestialske drap på samvitet.

Makabert funn i garasje i Schwalbach.

Ein politimann sikrar spor på ein garasje der ei prostituert kvinne vart funnen drepen i ei tønne i 2014.

Foto: FREDRIK VON ERICHSEN / Afp

Politiet i Hessen har identifisert mannen som Manfred S, ein landskapsarkitekt frå byen Schwalbach ikkje langt frå Frankfurt, som døydde av kreft i 2014. Han var aldri mistenkt for drapa medan han levde.

Det var dottera hans som alarmerte politiet, etter eit makabert funn i ein garasje Manfred S. disponerte. Etter at han døydde fann ho eit kvinnelik i ei tønne i denne garasjen. Etterforskarane seier at det ikkje er tvil om at det var han som tok livet av kvinna.

Opphald på 20 år

Manfred S. døydde i 2014.

Manfred S. er mistenkt for seks bestialske drap, og politiet sjekkar han no opp mot mange uoppklara saker.

Foto: Politiet i Hessen.

Politiet trur han stod bak to drap i 1971, eitt i 1991, eitt i 1993 og to i 1998. Årsaka til at det gjekk 20 år mellom det første og andre drapet, kan vere at han i den perioden stifta familie og fekk born.

Det vart funne store mengder valdeleg pornografi på datamaskinen til Manfred S etter at han døydde. Han hadde også 32.000 bilete som omhandla kannibalisme og ekstrem vald. Politiet meiner å ha funne samsvar mellom valdsbileta og skadane på drapsoffera.

Dei fem kvinnene han er mistenkt for å ha teke livet av, var alle prostituerte. Det einaste mannlege offeret var ein 13 år gammal gut. Det sterkt mishandla liket av han vart funnen i ein tunnel i storbyen Frankfurt.

Uløyste saker

Alle dei seks drapa Manfred S. er mistenkt for, skjedde i og rundt Frankfurt. Etterforskarane seier at dei no sjekkar fleire hundre uløyste drapssaker, for å finne ut om den mistenkte seriedrapsmannen kan ha noko med desse å gjere.

Blant naboar og kjende i Schwalbach hadde Manfred S. eit godt ord på seg. Han var dyktig i faget sitt som landskapsarkitekt, og han hadde kunstnariske talent, blant anna innan musikk. Han var kjend for å vere omgjengeleg og venleg, ifølgje avisa Frankfurter Allgemeine.

– En gåte at norsk politi svelget agnet!

Jakter på blå BMW i Ipswich

frankfurt

SISTE NYTT

Siste nytt