Hopp til innhold

Minst 37 drukna i ny flyktningtragedie

Minst 37 menneske drukna, mange av dei born, då ein båt med flyktningar havarerte like etter avgang frå Canakkale-provinsen i Tyrkia i dag tidleg. Målet for ferda var den greske øya Lesvos.

Tyrkiske redningsarbeidarar med død flyktning.

Eit dødt menneske blir frakta bort av redningsarbeidarar nær byen Ayvacic i Tyrkia.

Foto: Halit Onur Sandal / Ap

Dette skjer dagen etter at 25 menneske, blant dei ti born, drukna utanfor den greske øya Samos.

75 menneske vart berga frå havariet i dag tidleg, men overlevande har fortalt at så mange som 20 kan vere sakna i tillegg til dei 37 omkomne. Båten gjekk ut frå ei strand utanfor provinshovudstaden Ayvacik og gjekk ned etter kort tid. Årsaka til havariet er ukjent.

2000 kvar dag

Det var eit forferdeleg syn som møtte redningsarbeidarane. Døde menneske låg på stranda, saman med redningsvestar, bagasje og andre ting som høyrde til menneska om bord. Delar av den havarerte båten var synleg i sjøen rundt 50 meter frå land, melder nyheitsbyrået AFP.

Overlevande etter havariet i Tyrkia.

75 menneske vart berga frå havariet i dag tidleg, blant dei denne guten og faren hans.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Straumen av flyktningar, som prøver å nå Hellas frå Tyrkia i skrøpelege farkostar, ser ikkje ut til å bli mindre på grunn av vinteren. Tidlegare år har det vore ein markant nedgang i trafikken i vintermånadene, men ikkje i år.

Det blir sagt at menneskesmuglarane set ned prisane på vinteren for å halde trafikken og fortenesta oppe. . Menneskesmuglarar kan ha tent opp til 50 milliardar i 2015 , viser undersøkingar.

Det kjem 2000 menneske til dei greske øyane som ligg nærmast Tyrkia kvar dag, også i januar. Hittil i år har det kome over 50.000. Rundt 300 har mist livet i bølgjene i Egeerhavet i forsøket på å nå gresk jord.

I fjor døydde 4000 flyktningar under forsøk på å nå Hellas frå Tyrkia sjøvegen.

EU-avtale med Tyrkia

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel sa i går at 2000 menneske reiser gjennom Balkan på veg til Nord-Europa, og at det hastar for EU-landa å implementere avtalen som vart inngått med Tyrkia i fjor.

Flyktningtrgedie i Tyrkia.

Ein tyrkisk redningsarbeidar med vraket av den havarerte båten i bakgrunnen, berre 50 meter frå land.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Denne avtalen inneber at Tyrkia skulle få 3,2 milliardar euro i økonomisk hjelp frå EU, mot å stanse straumen av flyktningar på veg nordover i Europa.

Tyrkia-Lesbos

SISTE NYTT

Siste nytt