Hopp til innhold

Minst 14 drepne i masseskyting i San Bernardino

Minst 14 menneske er drepne i ei masseskyting i San Bernardino i California. 17 andre er såra av det politiet seier var fleire tungt væpna angriparar. Situasjonen er framleis uavklart.

Hjelperbeidarar hjelper såra i San Bernardino.

Hjelpearbeidarar hjelper såra på gata utanfor bygningen er skytinga skjedde i San Bernardino.

Foto: HANDOUT / Reuters

Politisjef Jarrod Burguan sa på ein pressekonferanse ved 23-tida norsk tid at dei ikkje veit om dette var eit terrorangrep. Dei veit ikkje noko om motivet, men trur det var to eller tre tungt væpna angriparar kledde i militærklede.

Han var klar på at tala på drepne og såra var førebelse, og at dei kan kome til å endre seg. Identiteten til gjerningsmennene er ikkje kjend, og politiet har ingen teori om kva som kan ha vore motivet. Ei polititalskvinne karakteriserte tidlegare i kveld angrepet som «nærmast militært».

– Flykta frå staden

Barack Obama.

– Vi må gjere noko med våpenlovene, seier USAs president Barack Obama.

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

Gjerningsmennene kan ha greidd å flykte frå staden i ein mørk SUV, truleg same bilen dei kom til staden i. Like etter midnatt norsk tid kom meldingar om at politiet har omringa ein svart bil.

På ei pressekonferanse bekrefta politiet at det gjekk føre seg ein aksjon, og at ein gjerningsperson var skoten. Ifølgje CNN blei personen drepen.

Fjernsynsbilete viste tidlegare i kveld mange menneske som strøymde ut av bygningen med hendene over hovudet. Det var over 600 personar på jobb i bygningen då dramaet starta like etter klokka 20 norsk tid, klokka 11 på føremiddagen lokal tid.

USAs president Barack Obama har på det sterkaste fordømt det som skjedde i San Bernardino, og han tok i kveld opp att det han har sagt fleire gonger tidlegare. At noko må gjerast med våpenlovene for å hindre slike masseskytingar i USA.

Ifølgje nettstaden shootingtracker.com har det vore 352 tilfelle av masseskytingar i USA i år, der fire eller fleire er skotne av same gjerningsmenn.

Hjelpesentral

San Fernardino-skyting.

Eit pansra køyretøy frå Swat-styrken køyrer inn på området.

Foto: Doug Saunders / Ap

Det er uklart kva som er bakgrunn for skytinga i ein offentleg bygning, Inland Regional Center, som er ein slags hjelpesentral for funksjonshemma. Senteret yter tenester til over 31.000 menneske med utviklingshemmingar i San Bernardino County og nabofylket Riverside County.

I kveld kom det fram at det var helseavdelinga i San Bernardino County som hadde ei samling i auditoriet, ei samling som blir karakterisert som eit «feriearrangement».

Nancy Lungren, talskvinne for sosialtenestene i delstaten California, stadfestar overfor Reuters at skytinga fann stad inne i deira bygning i San Bernardino, men ho har førebels ikkje ytterlegare informasjon.

Ifølgje CBS News har ein person fortalt at kona hans, som er på jobb inne i bygningen, såg ein mann kome inn og byrja å skyte rundt seg, før han barrikaderte seg i eit anna rom. Det er 670 personar som jobbar i bygningen.

Se direktestrømming etter skytingen i California

DIREKTE: Følg dramaet i San Bernardino.

Swat-team på plass i San Bernardino.

Eit Swat-team er på plass utanfor bygningen der skytinga har gått føre seg.

Foto: Doug Saunders / Ap

Bombegruppe på plass

Politiet opplyser at ei bombegruppe arbeider på staden, etter funnet av det som skal vere ein bombeliknande gjenstand.

Eit vitne har fortalt til New York Times at det var to angriparar. Dei to kom til staden i ein stor, mørk firehjulstrekkar, seier vitnet.

Eigaren av ein bensinstasjon like ved seier til Ap at det er minst 150 politifolk på staden. Fjernsynsbilete viser ein kaotisk situasjon, med politi- og ambulansesirener som bakteppe.

Ein far fortel at han har fått ein sms frå dottera si, som er inne i bygget. Ho skriv at «folk er skotne, vi er innelåste på kontoret, be for oss!»

NRKs USA-korrespondent Tove Bjørgaas sier frykten er ekstra stor på grunn av medlingene om flere gjerningsmenn.

VIDEO: Korrespondent Tove Bjørgås frå Washington.

– Alvorlege skadar

NBC-fotografen Alex Vasquez kom seg inn i bygningen like etter skytinga skjedde, og han fortel at han såg fleire menneske med alvorlege skadar. Han snakka med fleire som var i sjokk, seier han.

– Dei var skotne, dei var skadde, nokre av dei overlevde ikkje. Dei vart køyrde bort i bilar.

San Bernardino ligg rundt 96 kilometer aust for Los Angeles.

San Bernardino

SISTE NYTT

Siste nytt