Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Mannen i den gule regnjakka og demonstrantane i Hongkong

Høgt der oppe balanserte mannen i gul regnjakke på stillaset. Han vakla. Bodskapen som ruva over bakken var skriven på engelsk og kinesisk: «Elsk. Skyt ikkje. Ingen utlevering til Kina».

En demonstrant i gul regnjakke i Hong Kong.

DEMONSTRASJONAR: Den gule regnjakke er blitt symboltung for Hongkongs demonstrantar

Foto: Tyrone Siu / Reuters

Oppdraget han ønskte å utføra var gjort. Han hadde festa banneret godt synleg på utsida av kjøpesenteret.

Han tok av seg den gule regnjakka og sat seg ned på stillaset. Folk på bakken haldt pusten i kveldsmørket. I fleire timar prøvde politiet å snakka til han. Brannfolk la klar ei luftmadrass som kunne fanga eit fall.

Då klokka slo ni om kvelden femtande juni blei sekundane lange. 35 år gamle Marco Leung fell ned på fortauet. Ned på den harde jorda.

Mannen i den gule regnjakka

BODSKAP: Mannen i den gule regnjakka og banneret med bodskap til dei lokale styresmaktene

Foto: AP

To millionar, pluss ein

Demonstrantane meinte at noko slikt som dette aldri ville ha skjedd om dei lokale styresmaktene hadde høyrd deira høglydte krav om å skrinlegga det omstridde lovforslaget om utlevering av kriminelle til fastlands-Kina.

Dei skulda leiinga i Hongkong for hendinga, og sa at dei no hadde blod på sine hender.

Morgonen etter la folk kvite blomar på bakken for å heidra Leung. Same dag tok to millionar til gatene i Hongkong i nye protestar, denne gongen kledd i svart.

To millionar pluss ein, sa dei. Pluss ein var mannen i gul regnjakke, som no var blitt deira martyr.

Mora til Leung sa at kor stolte dei enn var av sonen, av kven han var, og at han stod opp for urett, så ville dei slett ikkje at han skulle væra ein martyr. Andre måtte ikkje gjera som han. Dei måtte ikkje setja seg sjølv i fare.

Storleiken på demonstrasjonane blei større. Krava blei også styrka.

Hongkong demonstrasjoner

MILLIONAR: To millionar demonstrantar har tatt til gatene i protest

Foto: Vincent Yu / AP

Krava på veggen

No handlar det ikkje lenger berre om lova dei vil bli kvitt, men dei vil også at Hongkongs leiar Carrie Lam trekk seg. Demonstrantane meiner at ho berre er ei nikkedokke for Beijing. Dei hevdar at om ho hadde representert innbyggjarane i Hongkong ville ho for lengst ha vraka utleveringslova.

I tillegg krev dei som protesterer at politiet ber om orsaking for å ha brukt vald mot demonstrantane. Dei vil også at politiet trekk tilbake si stempling av demonstrasjonar som «opptøyar», og dei krev at arresterte demonstrantar blir sett fri.

Sist helg blei desse krava skrivne på ein vegg på eit kjøpesenter av ei 21 år gamal kvinne. Ho skreiv at hennar von var å gi sitt liv i bytte mot at to millionar andre sine ønske blei innfridde. Ho bad demonstrantane om å væra uthaldne. Så hoppa ho i døden.

Krisetelefonar

Under eit døgn seinare gjorde ei 27 år gamal kvinne det same. Denne gongen frå ei vegbru.

Ho oppmoda dei andre til å stå på, med dei kinesiske orda 加油 (jiayou), og sa at ho skulle ha ønskt å sjå at dei kunne vinna sigeren til slutt.

Ho skreiv at ho var lei seg for at ho ikkje kunne bli med vidare i protestane, for ho hadde gitt opp.

– Eg føler at det ikkje er nokon morgondag. Eg er sliten. Eg ønskjer ikkje å kjempa for i morgon lengre, skreiv ho, og sa at ho trudde ho ville bli utstøytt av samfunnet.

Yellow rainjacket Hongkong

SYMBOL: Den gule regnjakka er blitt eit symbol på demonstrantane sin innbitte og trassige motstand

Foto: ATHIT PERAWONGMETHA / Reuters

Desse hendingane har fått demonstrantane til å gå vakt blant sine eigne for å hindra at det skjer igjen. Folk som legg til rette for demonstrasjonane seier at sjølvmord på ingen måte er løysinga. Krisetelefonar blir nedringde.

Identitetskrise

– Eg har aldri før sett folk i Hongkong væra så forvirra og så opprørte av kjensla om at ingenting er under kontroll, seier leiaren av eit sjølvmordssenter i Hongkong, Paul Yip Siu-fai til South China Morning Post.

Han meiner at samfunnet er gått inn i eit slags hysteri og seier at den omdiskuterte lova har skapt eit vulkanutbrot av ei djup identitetskrise.

– Folk er opprørte. Dei er urolege for andre sin tryggleik, og dei kjenner på eit uvisse når det gjeld sine eigne liv, seier han.

Gul regnjakke Hongkong

TO MILLIONAR PLUSS EIN: Demonstrantar har med seg den gule regnjakka i protestar

Foto: ANTHONY WALLACE / AFP

Sist helg tok demonstrasjonane ei dramatisk vending då ei gruppe på fleire hundre storma bygningen til den lovgjevande forsamlinga.

Fleire politikarar som er i mot det omstridde lovforslaget prøvde å stansa demonstrantane. Ein av dei trygla på sine kne om at dei ikkje måtte ty til vald, for dei er unge og eit liv i fengsel fører ikkje til endring.

Dei svarte at fleire hadde bøta med livet for saka. Uansett kva straff dei kunne venta seg ville den bleikna til samanlikning.

Metallgjerder blei brotne, glas blei knust, bilete blei tagga. Med tåregass blei dei kasta ut.

Hongkong demonstrasjoner

INNBROT: Fleire hundre demonstrantar tok seg inn i bygningen til den lovgjevande forsamlinga Lecgo i Hongkong

Foto: Thomas Peter / Reuters

– Kina er framtida

Ein sjåfør eg kjenner i Beijing meiner folk i Hongkong er naive, og kanskje også barnslege. Mange kinesarar er samde med han.

Dei meiner at Kina er blitt så sterkt økonomisk at framtida ligg for deira føter.

Informasjonen folk i resten av Kina får om hendingane i Hongkong er avgrensa. Svært lite treng gjennom den kinesiske internettmuren. Meldingar som blir forsøkt delte om demonstrasjonane blir sletta før dei når fram til mottakaren.

Styresmaktene i Beijing gjer sitt beste for å ignorera dramatikken, og i den grad dei kommenterer den heiter det at utanlandske krefter står bak og vil skapa uro.

Ein eller to millionar menneske som demonstrerer er utenkeleg i Kina utanfor Hongkong. Små opprør blir snart kvelte med effektiv brannsløkking. Før dei spreier seg. Før ting kjem ut av kontroll.

Ustabilitet og kaos

Men, også mange kinesarar som trassar styresmaktene og legg inn VPN på sine mobilar for å få tilgang til informasjon, er skeptiske.

Korfor er folk i Hongkong så dumme at dei kjemper for ei sak dei er dømde til å tapa? Korfor forstår dei ikkje at dei skaper ustabilitet og kaos og såleis set heile nasjonen i fare? Og korfor skal Hongkong vere ei frihamn for kriminelle?

Claudia Mo, Hongkong

PRODEMOKRATISK: Claudia Mo er ein av dei prodemokratiske politikarane. Ho ønskjer fredelege demonstrasjonar men forstår at ungdommen er desperat

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Dei vil at Hongkong skal væra slik dei kjenner byen sin. Dei vil behalda sine rettar, og sin fridom, men opplever at Hongkong blir meir og meir som resten av Kina, seier Claudia Mo, som er ein av dei pro-demokratiske politikarane i den lovgjevande forsamlinga og ein klar motstandar mot utleveringslova.

Hongkong blei igjen ein del av Kina i 1997 etter å ha vore styrt som ein koloni under Storbritannia, men ifølgje ei avtale som blei gjort skulle området få behalda sitt styresett og eige juridiske system i femti år.

Hongkong demonstrasjoner

MØDRER: Mange av demonstrantane er ungdommar. Mødrer demonstrerer og krev at politiet ikkje bruker vald

Foto: Kin Cheung / AP

Det skal ha vore eit viktig poeng den gongen, at det ikkje skulle væra ei utleveringsavtale med Beijing, nettopp for å sikra at den såkalla «eitt land to system»-ordninga skulle væra reell.

Det er 28 år igjen av denne ordninga, men demonstrantane opplever at Beijing for lengst har byrja stramma grepet.

«Den vonde lova»

Dei kallar utleveringslova for den vonde lova, og meiner det er kroken på døra for Hongkong slik dei kjenner byen, om den blir ein realitet.

Alt tyder på at lova blir vraka, men på indirekte vis. No er ikkje det lenger nok for demonstrantane.

Mange krev no meir fridom. Meir demokrati.

Likevel er mange blitt slitne, og mange er blitt redde etter at demonstrantar braut seg inn i den lovgjevande forsamlinga, for folk som blir arresterte for opptøyar risikerer opp til ti år i fengsel.

Demonstrasjoner i Hongkong

FRAMTID: Hongkong-demonstrantane ber om at politiet ikkje tyr til vald for å stansa protestane

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Organisasjonen Civil Human Rights Front ber folk om å stå saman, trass i at nokre blei desperate.

– Nokre valde å trappa opp utan å tenkja på kva det vil kosta dei personleg. Faktisk har dei tatt eit steg som me andre ikkje var modige nok til å ta. Me har ulike syn på kva som er den rette vegen, men desse demonstrantane elskar Hongkong, akkurat som oss, skriv organisasjonen.

Det er umogleg å spå kva som skjer i neste kapittel. Mange fryktar at dei uansett har tapt, men nektar å gje seg utan kamp.

Ein som kallar seg David gjer som mange andre og gøymer seg bak ei maske for ikkje å bli kjent igjen.

– Spørsmålet er kva me gjer om Hongkong blir ein heilt vanleg kinesisk by. Kan me då, alle saman, flytta til Canada og Noreg?

Hongkong

MASKE: Som mange andre demonstrantar ber David maske. Han protesterer mot at Hongkong skal bli meir som resten av Kina og lurer på om han bør flytta til utlandet

Foto: Kjersti Strømmen / NRK