Det var i natt norsk tid at skipet til kvalfangstmotstandaren Paul Watson og organisasjonen hans
var i dramatisk nærkontakt med ein japansk kvalfangar, under ein månad etter at ein «Sea Sheperd»-båt gjekk tapt i same området.Vil hindre kvalfangsten
Ein talsmann for det japanske fiskeridepartementet seier dei arbeider med å hente inn opplysningar om det som har skjedd. Kvalfangarane har ikkje kommentert hendinga.
Også newzealandske og australske styresmakter arbeider for å finne ut kva som har skjedd.
Sea Sheperd-aktivistane prøver å hindre den japanske kvalfangsten i Sørishavet. Dei legg ut blant anna tau i sjøen for å ramme propellane til dei japanske kvalfangstskipa. Aktivistane har også kasta stinkbomber mot kvalfangarane, og forholdet mellom partane er svært spent.
Kvalfangarane har svart med å bruke vasskanonar mot Sea Sheperd, og dei har også prøvd å sende ut lydbølgjer i sjøen for å vanskeleggjere navigeringa.
Held fram kampen
Ingen vart skadd i samanstøyten, men det vart gjort ein del skade på eine sida av «Bob Barker». Skipet er framleis operativt, og mannskapet om bord lovar å halde fram kampen mot kvalfangsskipet "Nisshin Maru" og andre kvalfangarar i området.
Paul Watson sjølv har kommandoen om bord på ein anna Sea Sheperd-båt, «Steve Irvin», og han kan fortelje at dei er på veg til same området som «Bob Barker» for å delta i kampen.
- Etter at kvalfangarane senkte «Andy Gil», trur dei tydelegvis at dei kan tillate seg kva som helst. Og det ser ikkje ut til at dei ikkje er redde for å skade folk frå Sea Sheperd. No må styresmaktene i Australia og på New Zealand handheve internasjonal rett i dette området, seier ein rasande Sea Sheperd-leiar, Paul Watson.
Superskip ute av spel
Det som vart kalla superskipet til Sea Sheperd, «Andy Gil», vart ifølgje organisasjonen rent i senk av ein japansk kvalfangar 8. januar i år.
Watson seier at japanske kvalfangarar er langt meir aggressive denne sesongen enn dei har vore tidlegare år. Senkinga av «Andy Gil»er den mest alvorlege samanstøyten mellom kvalfangarar og Sea Sheperd hittil.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: