Hopp til innhold

Krisepsykolog: – Dei må få utvikle seg som barn

Heile fotballaget har no kome seg ut av grotta i live. Fleire vil kunne få psykiske påkjenningar i etterkant, ifølgje psykolog. – Dei vil nok slite med å skru av lyset om kvelden.

12 gutter fra fotballaget Wild Boars og deres 25 år gamle trener har i over to uker vært innesperret

12 gutar og deira 25 år gamle trenar var i over to veker fanga i grottekomplekset Tham Luand i Thailand. Krisepsykolog Atle Dyregrov meiner det er viktig at gutane ikkje blir tvinga på ein identitet som «dei som overlevde grotta»

Foto: AP

Tysdag blei dei siste gutane og fotballtrenaren redda ut av grotta, der dei har vore innesperra i Tham Luang-grotta i Thailand.

Sjølv om operasjonen var vellukka, har gutane ei utfordrande tid i vente.

Ifølgje psykiater Marianne Mjaaland, er det no viktig å bruke tid med familie og dei nærmaste.

– Det er heilt sikkert behov for ein lang periode med mange og gjentekne forteljingar av den enkelte si historie med dei det er naturleg å dele dei med, dei nærmaste, ikkje psykologar.

Sannsynleg å få langsiktige reaksjonar

Krisepsykolog Atle Dyregrov seier ein må rekne med at barna vil oppleve psykiske reaksjonar i etterkant av den traumatiske hendinga.

– Det kan vere redsle for spesifikke ting som minner dei på det som har skjedd. Mange vil nok slite med å skru av lyset om kvelden.

Atle Dyregrov

Krisepsykolog Atle Dyregrov meiner det er viktig at gutane får delta på felles aktivitetar i etterkant av den traumatiske hendinga. – Vi vil nok sjå at dei vil søke til kvarandre, fordi dei har ei felles oppleving.

Foto: UiB

Ifølgje Dyregrov er det sannsynleg at nokre av gutane òg vil få meir langsiktige reaksjonar, som posttraumatisk stressliding (PTSD). Det vil ein sjå først etter eitt år.

Meiner gutane må skjermast

Krisepsykologen understrekar at korleis gutane reagerer i etterkant, vil avhenge av korleis trenaren har klart å skape samhald undervegs, og korleis dei vert motteke når dei kjem ut.

– Det vil vere viktig å skjerme dei frå all støyen og sørgje for at dei ikkje må ta omsyn til alt medieoppsynet.

– Jeg er i god form, sier de en etter en.

Dyregrov seier at gutane må få ei gradvis tilvenning til eit normalt liv, og at dei ikkje skal bli tvinga på ein identitet som «dei som overlevde grotta».

– Dei må få utvikle seg som barn. Derfor er det viktig at dei vaksne rundt dei ikkje gjer eit stort nummer ut av det, slik at hendinga ikkje definerer dei, seier Dyregrov.

Ifølgje Marianne Mjaaland vil nok gutane søke støtte hos kvarandre.

– Nokon kan få ubehagelege minnebilete og mareritt, og det er normalt. For dei fleste vil dette også bleikne etter kvart. Det er berre dei som deler denne spesielle erfaringa.

Bekymra for trenaren

Både Dyregrov og Mjaaland meiner det vil bli spesielt vanskeleg for den 25 år gamle trenaren.

Samstundes som han har teke imot støtte frå fleire hald, har det òg blitt retta kritikk mot avgjerda hans om å ta med gutane inn i grotta.

– Det blir ekstremt for han, så det er nok han vi har mest grunn til å vere bekymra for. Korleis dei vaksne steller seg til han vil vere heilt vesentleg. Han vil ha behov for mykje støtte framover, seier Dyregrov.

Marianne Mjaaland meiner det er vanskeleg å seie korleis fotballaget og trenaren vil reagere på hendinga i ettertid. Det har med at det alltid er individuelle skilnader på folk.

Likevel er det nok annleis for trenaren.

– Han er den einaste vaksne som må «bere det heile på sine skuldrer», også ansvaret for å ta gutane med inn dit. Det er viktig at han blir heidra for dette og ikkje kritisert i etterkant for hendingar det ikkje er rimeleg at han kunne ta ansvar for.

– I utgangspunktet friske ungdommar

Å ha eit fellesskap er viktig når ein gjennomgår ei traumatisk hending. Det at heile verda har fylgt med, fører til at gutane får eit håp om å få hjelp, og eit håp om at det vil gå bra.

Om det berre hadde vore ein person innestengt, ville det nok vore enda mykje verre, ifølgje Mjaaland.

Mjaaland fortel at det er fleire faktorar i denne saka som gjer til at dei kan bli beskytta mot potensiell psykisk seinskade:

Marianne Mjaaland, psykiater

– Dette er slettes ikkje tida for problematisering kring eventuelle etterverknader eller profesjonell debrifing og prosessering, seier psykiater Marianne Mjaaland til NRK.

Foto: Sturlason / kagge forlag

  • Dette er i utgangspunktet friske ungdommar
  • Dei er fleire i same situasjon
  • Dei har ein vaksen leiar dei har tillit til
  • Det at det er naturkreftene som har ramma dei, og ikkje menneske med vonde hensikter som vil skade dei

Var helsepersonell under tsunamien

Mjaaland var sjølv helsepersonell under tsunamien i Thailand i 2004, og har sett kva ringverknadene av ei naturkatastrofe kan føre til.

Fleire thailendarar blei tilbode krisepsykiatri, men ønskja ikkje profesjonell kriseoppfølging.

– Det kan ha å gjere med at det er mindre profesjonell tenking kring sjukdom og ulukker der. For dei kan det hende det er meir naturleg å søke støtte i familiestrukturen, og sjølv passe på dei som vert utsett for ulukker.

I 2010 vart 33 chilenske gruvearbeidarar henta ut frå ei gruve. Fleire byrja med alkohol og piller, medan andre lev eit godt liv med kjendisstatus.

– Den saka illustrerer, etter mi meining, kor skadeleg det kan vere nettopp å kome tilbake til det normale livet. Ein kan undre seg over om den eine gruppa i utgangspunktet hadde både ein meir robust psykologisk konstitusjon og eit betre integrert sosialt liv, trur Mjaaland.

SISTE NYTT

Siste nytt