Hopp til innhold

Kreftforeningen om Obama: – Må ta oppgjer med tobakksindustrien

Det er ikkje urealistisk å vinne kampen mot kreft, meiner Kreftforeningen. Men først må presidenten få amerikanarane til å stumpe røyken.

Anne Lise Ryel viser frem tobakk

TOBAKK: Anne Lise Ryel i Kreftforeningen meiner USA må bli flinkare til å førebyggje kreft. Ho trur det vert vanskeleg for Obama å innfri kreftløftet dersom han ikkje tek eit oppgjer med tobakksindustrien.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det er nok ikkje så enkelt, men det er fabelaktig at han seier det. Han set seg eit mål, og det er mogleg å nå det ein gong i framtida, heilt klart! seier generalsekretær i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel.

Barack Obama

KUR MOT KREFT: President Barack Obama vil at USA skal utrydde kreft.

Foto: POOL / Reuters

Frå talarstolen i natt lova president Barack Obama å trappe opp kampen mot kreft. Han var klar og tydeleg på at USA skal løyse kreftgåta.

– For dei kjære vi alle har mista, og for familiane vi framleis kan redde, la oss gjere USA til landet som kurerer kreft ein gong for alle, sa Obama i tala si.

– Må ta oppgjer med tobakken

Viljen til Obama er ein god start, men Ryel trur likevel at det er spesielt ei utfordring som vil gjere det vanskeleg for USA å nå målet.

– Tobakk står fram som den absolutt største faktoren. Hadde USA utrydda tobakk, ville det vere millionar av menneske som ikkje hadde fått lungekreft og døydd av det, seier ho.

Ifølgje The American Cancer Society kjem 1,6 millionar amerikanarar til å få ein kreftdiagnose i løpet av året, og at over ein halv million amerikanarar kjem til å døy av sjukdommen. Røyking er årsaka til om lag eitt av tre kreftdødsfall.

Sjølv om USA er kome langt når det gjelder forsking, har dei eit stykke igjen å gå når det gjelder førebygging.

– Eg skulle gjerne sett Obama tørre å ta nokre rundar med tobakksindustrien. Den er stor i USA, og har mykje påverknad. Det same gjelder matindustrien. Usunn mat med mykje sukker er også ei utfordring, seier Ryel.

Inspirasjon til Høie

Kreft er blitt den mest vanlege dødsårsaka i verda. Skal ein kome sjukdomen til livs treng ein både genuin vilje og meir pengar, påpeikar Ryel.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og generalsekretær i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel.

INSPIRASJON: Anne Lise Ryel håpar helseminister Bent Høie blir inspirert av lovorda frå Obama.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi må satse på dei gode forskingsmiljøa og dele forskinga. I dag sit på mykje kunnskap, som ikkje kjem pasientane til gode. Vi må ta oss råd til få dette ut og gjere det til behandling og medisinar.

Obama har allereie lagt pengar på bordet og sett visepresident Joe Biden til å koordinere arbeidet. Ryel skulle gjerne sett at den norske regjeringa kunne vere like tydelege.

– Eg veit ikkje om det berre må ein amerikansk president til for å seie det så tydeleg, men eg håpar helseminister Bent Høie lar seg inspirere etter å ha høyrt Obama, seier Ryel.

SISTE NYTT

Siste nytt