Hopp til innhold

Kongeparet klar for sitt 45. statsbesøk

ROMA (NRK): Kong Harald og dronning Sonja er på plass i Roma og klar for statsbesøk til Italia, i hjartet av eit uroleg Europa. Terror, ekstremisme og migrasjon kjem til å prege dei politiske samtalene under besøket.

Statsbesøk i Italia

Kong Harald og dronning Sonja ankommer Hotel Rome Cavalieri dagen før statsbesøket i Italia 5-8 april 2016. Gine Grydeland og Claudio Ferri var blomsterbarn.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Ein smak av sommar møtte kongeparet då dei kom til Roma i ettermiddag. 22 varme grader og ein italiensk hovudstad i blomstring er den ytre ramma for kong Harald og dronning Sonja sitt andre statsbesøk til Italia. Det er 16 år sidan sist.

– Velkommen til Roma, Deira Majestet, sa 11 år gamle Gine Grydeland og gav monarken blomster på tradisjonelt vis.

Ved sidan av stod Claudio Ferri klar med bukett til dronning Sonja.

Terrorisme på dagsorden

Politisk er det alvorlege emne som kjem til å prege samtalene når statsbesøket formelt startar i morgon. Utanriksminister Børge Brende stadfester at han vil ta opp uroa i Europa med italienske styremakter i morgon.

Brende kjem til Roma fyrst seinare i kveld, men skriv i epost til NRK kva forventningar han har til dei politiske samtalene under statsbesøket:

– Samtalene i Roma vil vere prega av dei betydelege utfordringane Europa no er oppe i. Dette gjeld ikkje minst kampen mot terrorisme og ekstremisme. Migrasjonsutfordringane vil også vere eit viktig tema.

– Viktig samtalepartnar

President Sergio Mattarella er vert og tek imot det norske statsoverhovudet i presidentpalasset i morgon føremiddag. Seinare tek statsminister Matteo Renzi tek i mot det norske følgjet til arbeidslunsj på sitt kontor i Palazzo Chigi.

Utanriksminister Børge Brende ser fram til samtalene med Renzi.

– Italia er ein viktig samtalepartnar når det gjeld regionale og internasjonale spørsmål. Dette gjeld ikkje minst situasjonen i Nord-Afrika og Midtausten og korleis det internasjonale samfunnet i fellesskap kan bidra til å stabilisere og hjelpe dei sårbare statane i regionen, skriv Brende.

45 statsbesøk

Dette er det 45. statsbesøket kong Harald og dronning Sonja gjennomfører sidan dei vart kongepar i 1991. Denne gongen skal framtidas næringar få spesielt stor merksemd. I Milano fredag skal både norsk motebransje, gründerar og designmiljø få kongeleg draghjelp inn i den italienske marknaden.

– Italia er den sjuande største økonomien i verda og allereie ein viktig handelspartnar for Norge. Samhandelen mellom landa våre er på eit høgt nivå, men håpet er å utvikle dette vidare. Det ligg store moglegheiter for norske bedrifter og skaping av arbeidsplassar i samarbeid med italiensk næringsliv. Ikkje minst ligg det eit betydeleg potensial i samarbeid på energisektoren, seier utanriksminister Børge Brende.

Statsbesøket blir avslutta i Milano fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt