Hopp til innhold

Klimaovervaking i Arktis i fare

Ei antenne som har gått ut på dato kan føre til at klimaovervakinga i Arktis blir dårlegare dersom regjeringa ikkje løyver pengar.

Video Klimaovervaking i Arktis i fare

Video: Antenna på observatoriet i Ny-Ålesund gjer framleis jobben sin, men no syng ho på siste verset.

NASA og fleire andre internasjonale samarbeidspartnerar ber norske styresmakter få fortgang arbeidet med å modernisere Statens kartverk sitt observatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. Men det er uvisst om regjeringa vil leggje pengar på bordet.

Antenna på observatoriet i Ny-Ålesund gjer framleis jobben sin. Men no syng ho på siste verset. Ho har nådd forventa levealder.

Statens kartverk og internasjonale samarbeidspartnerar er urolege for konsekvensane.

Det er også opposisjonspartia på Stortinget. Dei vil ha pengane inn på statsbudsjettet for 2012. Knapt 50 millionar, ein firedel av totalbeløpet, er eit minimum for å komme i gang.

Morten Høglund

Morten Høglund (Frp) er leiar for Stortingets arktiske delegasjon.

Foto: Geirr Larsen

Kan få alvorlege følgjer

– Det er viktig at vi får ei ny antenne på plass så fort som mogeleg. Dersom den eksisterande antenna skulle bryte saman, kan vi risikere å få avbrot i den informasjonen som antenna hentar inn, og det vil vere ein svært alvorleg situasjon, seier Morten Høglund (Frp). Høglund er leiar for Stortingets arktiske delegasjon.

Klimaovervaking er ei viktig oppgåve for stasjonen i forskingsbyen Ny-Ålesund. Her måler dei bl.a. hav- og isnivå, dei ser om landet stig.

Stasjonen er også avgjerande for at navigasjonen ved hjelp av GPS-systemet skal fungere. Observatoriet er ein del av eit internasjonalt nettverk. Plasseringa heilt oppe på 79 grader nord gjer stasjonen til ein av dei viktigaste i nettverket.

Stor internasjonal interesse

Amerikanske NASA, europeiske ESA og fleire andre organisasjonar har den siste tida skrive brev til fleire norske statsrådar med sterke oppfordringar til å gje det endelege klarsignalet.

Både Jonas Gahr Støre, Trond Giske og Erik Solheim har fått sterke oppfordringar til å gje det endelege klarsignalet.

– Eg har registrert brei internasjonal støtte både frå europeiske og amerikanske kjelder. Det er både ei stor vitskapleg interesse og ei brei miljøinteresse her, fordi observatoriet er heilt sentralt for å kunne gjere så presise målingar som vi treng i klimakampen i åra framover, seier Erik Solheim.

Finansieringa uviss

Planane for ei omfattande utbygging er klare. Men det er framleis uvisst om pengane kjem på bordet.

– Erik Solheim, vil dette prosjektet få plass på budsjettet som kjem no i oktober?

– Det er heilt klart at dette er eit prosjekt som vi må finne plass til på budsjetta i åra framover. Men akkurat kva for eit år vi startar dette arbeidet, er det for tidleg å seie.

Erik Solheim

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV).

Foto: Knut Skyllingstad / NRK


– Så du ser det ikkje slik at det hastar å få dette på plass?

– Det ingen tvil om at dette arbeidet må starte om ikkje lenge. Om det skjer i år eller neste år eller året deretter trur eg ikkje er det avgjerande. Men det er eit viktig miljøprosjekt og eit viktig vitskapleg prosjekt for Noreg. Det er også viktig for norsk suverenitet på Svalbard at vi er aktive på eit så viktig område, sier Solheim.

Ber om avklaring

Men Morten Høglund er meir utålmodig enn Solheim.

– Korleis vurderer du situasjonen dersom prosjektet ikkje får plass på statsbudsjettet for neste år?

– Då blir det skapt ein usikker situasjon rundt heile antenneprosjektet, og ein må begynne å tenkje alternativt. Antenna i Ny-Ålesund er svært viktig for det globale nettverket av slike antenner, og veldig mange er avhengige av den informasjonen som kjem frå dette observatoriet. Så vi treng no eit klart signal frå regjeringa om at dette er noko ein ønskjer, at ein vil få dette på plass, seier han.

Video Havisen i Arktis på historisk bunn-nivå

Overvakinga av klimaendringane i Arktis kan bli skadelidande dersom regjeringa ikkje løyver pengar til å modernisere Statens kartverk sitt observatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. Arkivfoto.

Foto: Nyhetsspiller

NASA-samarbeid

I fjor haust var forskingsdirektøren i NASA, John LaBrecque i Noreg. Utbyggingsplanane i Ny-Ålesund var tema i møte med styresmakter og Statens kartverk.

I eit intervju med NRK gav han tydeleg uttrykk for at det hastar å komme i gang med å få skifta ut det gamle antenneutstyret.

– Det er utfordrande å gjennomføre eit slikt prosjekt i Ny-Ålesund. Det krev ein årelang innsats. Så vi må starte no, sa John LaBrecque for eitt år sidan.

Tidlegare i år signerte NASA og Statens kartverk ein samarbeidsavtale om utveksling av data frå Ny-Ålesund.

Data via fiberkabel

Ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen, som regjeringa alt har løyvd pengar til, vil føre til at data kan utvekslast langt raskare enn før, både med NASA og andre samarbeidspartnerar.

Arbeidet med kabelen skal etter planen starte neste år. Frå før er det lagt tilsvarande kabel frå Longyearbyen til fastlandet.

– Dessverre er det ofte litt vanskelegare å følgje opp med konkrete løyvingar enn å komme med fagre løfte og fine ord, seier Morten Høglund. Men dette er noko vi som nasjon har bruk for, det passar godt inn i det globale systemet for forsking og overvakning av Ishavet, og med den utviklinga vi ser i Arktis, bl.a. når det gjeld issmelting og nye skipsleier, så er det heilt avgjerande at det blir ei avklaring rundt dette no, legg han til.

Statsbudsjettet blir lagt fram i oktober.