Hopp til innhold

Kina har undervurdert utsleppstal

Det viser seg at Kina i årevis har underrapportert kor mykje kol landet brenner av.

CHINA/

Kinesiske arbeidarar ser etter brukandes kol i slagghaugen. Utslepp som mest sannsynleg ikkje blir fanga opp i statistikkane.

Foto: STRINGER SHANGHAI / REUTERS

FILES-CHINA-UN-CHINA

Postapokalyptiske scener i Yutian, 100km aust for Beijing i Hebei provinsen.

Foto: PETER PARKS / AFP

Kina er berykta for sine røyklagde gater, og menneske som kjempar seg fram med maske om munnen utan å vere i stand til å skimte himmelen.

No viser det seg at utsleppa av drivhusgassar, der det meste kjem frå brunkol, er verre enn det som har blitt rapportert av Kinas statistiske sentralbyrå.

Brå auke i utslepp

For i den offisielle årboka frå 2014 blir det rapportert at Kina har brent 3,5 milliardar tonn kol i 2012.

I den nyaste versjonen av årboka frå 2015, blir utsleppa for same år, 2012, sett til 4,1 milliardar tonn.

Altså ei brå auke på 17 prosent.

CHINA SPILLED COAL BRICKS

Kolbrikettar på bakken etter eit samanstøyt med ei drosje. Kol blir brukt av dei fleste i Kina for oppvarming og matlaging.

Foto: GREG BAKER / AP

Det er ei undervurdering av utsleppa som svarar til dei totale CO₂ utsleppa til Tyskland, skriv nyheitsbyrået AFP.

Statistikk heilt tilbake til år 2000 har blitt endra, og AFP har ikkje fått noko svar på kvifor frå det kinesiske statistiske sentralbyrået.

UN-CLIMATECHANGE-CARBON/ File photo shows a street lamp in front of Datong's second coal-fired power plant at night on the outskirts of Datong, Shanxi province

Ein gatelampe framfor det andre kolkraftverket i Datong i Shanxi-provinsen.

Foto: JASON LEE / Reuters

– Statistikken meir nøyaktig no

Ein rådgjevar ved Kinas nasjonale utviklingskommisjon seier at statistikken har blitt betre med åra. Dette fordi ein no får betre talmateriale frå provinsane.

Ein økonomiprofessor ved Renmin universitetet seier til AFP at dei nye tala er meir nøyaktige.

– Kol er ein vanleg ting i Kina, det er mange kjelder og det har vore vanskeleg å fange opp all bruken, seier Song Guojun til nyheitsbyrået AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt