Hopp til innhold

Gisselsituasjon i Mali kan vere over

Islamistiske opprørarar i Mali seier dei vil sleppe fri ei sveitsisk kvinne som blir heldt som gissel nord i landet.

Tuareg i Mali

Tuareg-opprørarar tok kontroll over det nordlege Mali etter eit militærkupp, og sidan har det vore fleire bortføringar i landet.

Foto: LUC GNAGO / Reuters

II helga oppstod det kampar mellom to opprørsgrupper på grunn av kvinna, opplyser ein sikkerheitstenestemann.

Kvinna, som er i 40-årsalderen, blei bortført førre veke i Timbuktu-regionen nordi Mali, der opprørarar har tatt kontrollen etter eit militærkupp i byrjinga av mars.

Sveitsiske myndigheiter har samarbeidd med lokale myndigheiter i Mali om å redde kvinna etter bortføringa.

Hadde planar om å selje henne

Gruppa som bortførte henne, hadde planar om å selje henne til gruppa al Qaida i det islamske Maghrib ifølgje sikkerheitstenestemannen.

– Den eine gruppa vil halde på henne, og den andre vil frigi henne, seier han.

Ifølgje ei kjelde i Timbuktu er det no islamistgruppa Ansar Dine som har kvinna, og dei skal vere klare til å frigi henne ifølgje kjelda.

Utanriksministeren i Sveits, Adrian Sollberger sa at dei har fråråda folk å reise til Mali sidan 2009 på grunn av faren for bortføring.

Fleire diplomatar bortført

Tidlegare denne månaden blei fleire diplomatar bortført i Mali.

Konsulen i Algerie og seks andre diplomatar blei bortført i byen Gao.

LES: Algeriske diplomater bortført i Mali

Nesten alle vestlege land har forlate nord-Mali sidan Tuareg-opprørarane og ei islamistisk opprørargruppe med tilknyting til al Qaida tok kontroll over området for nokre veker sidan.

Opprørarane sin kontroll over nordområda i Mali har utvikla seg etter den mangeårige presidenten blei styrta i eit kupp førre månad.

Militærkuppet førte Mali inn i ein svært ustabil situasjon.

LES: Erklærer egen Tuareg-stat i Mali

Under ein rask tredagars offensiv tok tuaregopprørarane kontroll over dei tre provinshovudstadane i Nord-Mali, Kidal, Gao og Timbuktu og erklærte uavhengigheit for det nordlege Mali.

SISTE NYTT

Siste nytt