Laurdag vart Taliban-leiaren mulla Akhtar Mansour
i Pakistan, etter å ha returnert frå eit besøk i Iran.Taliban-ekspertar er usikre på kven som vil etterfølgje han, men dei er samde om at valet av ein ny toppsjef både kan bli langvarig og vanskeleg.
– Forhasta avgjerd
Rahimullah Yousafza er pakistansk journalist og ekspert og ein av Pakistans fremste ekspertar på Taliban. Han seier til den britiske avisa
at det neppe blir teke ei avgjerd før alle delar av organisasjonen har fått uttale seg.Då Akhtar Mansour vart utpeikt som leiar i organisasjonen i juli 2015, like etter at den tidlegare leiaren mulla Omar vart erklært offisielt død, var det mange i Taliban som meinte at det var ei forhasta avgjerd.
Då hadde mulla Omar, også kjend som Den Einøygde, vare død i over to år. Mansour, som var Omars nestleiar, fekk skulda for å ha sørgja for å halde dødsfallet hemmeleg. Dermed kunne Mansour operere som øvste leiar utan å måtte ta ein maktkamp, blant anna ved å gi ordrar i Omars namn.
Denne gongen gjekk det svært kort tid før det vart stadfesta at Mansour var død.
Djup splitting
Leiarmøtet i Taliban i Quetta i Afghanistan i juli i fjor viste ei djup splitting mellom ulike fraksjonar i organisasjonen, og det skal også ha vore skyting inne på møtet. Det vart blant anna meldt at Akhtar Mansour vart
på møtet.Ein av dei som opponerte mot Mansour på dette møtet var eldste sonen til mulla Omar, Muhammad Yaqub. Han og følgjet hans skal ha reist frå møtet i sinne.
Seinare skal Mansour greidd å få til ein slags fredsløysing med Yaqub, ved å gjere han til sjef for Talibans militærkommisjon. Det har gått rykte om at Yaqub vart drepen etter møtet i Quetta, men etter alt å dømme stemmer ikkje dette.
Taliban-ekspertar reknar med at Muhammad Yaqub er rundt 25 år gammal, og at han har hatt ambisjonar om å ta over etter faren, mulla Omar. Rahimullah Yousafza trur han er ein sterk kandidat til å bli ny leiar, og at han kan greie å samle organisasjonen igjen.
Ung og energisk
– Yaqub er ung, han har rett familiebakgrunn og er ikkje særleg kontroversiell i Taliban. Det er godt mogleg at eldrerådet vil ha ein yngre og meir energisk sjef, seier han.
Sirajuddin Haqqani, leiar for Haqqani-nettverket i Nord-Waziristan, har vore Mansours nestleiar, men han har truleg for lita støtte i den sørlege delen av Afghanistan til å kunne bli ny leiar. Han er likevel ein sterk kandidat, ikkje minst fordi han har sterk militær støtte.