Hopp til innhold

– Vi har ikkje råd til fleire slike skandalar

Den islandske regjeringa må straks gå av for å bevare det som er igjen av islands gode namn og rykte. Vi har ikkje råd til fleire slike skandalar, fortel den islandske omdømmeeksperten Hjörtur Smárason til NRK.

Omdømmeekspert Hjortur Smarason

Hjörtur Smárason er omdømme-ekspert og reiselivskonsulent, basert i København. Han arbeider til dagleg med å hjelpe land betre sin internasjonale profil. Akkurat no er han uroa for heimlandet Island.

Foto: Privat

Hjörtur Smárason hjelper land med å betre sitt omdømme. Han deltek i fleire verdsomspennande prosjekt som Phønix, og The Future City of Africa.

Ofte arbeider han med land som har opplevd kriser, som Nepal. Akkurat no er han svært uroa for ryktet til heimlandet sitt Island.

– Vil koste oss dyrt

– Dette er ein type globale nyheiter som straffar næringslivet hardt, fortel han til NRK.

Sjølv om det er vanskeleg å rekne på i kroner og øre, er Smárason overtydd om at denne siste skandalen vil bli kostbar for næringslivet.

Islands statsminister Sigmundur David Gunnlaugsson velger å forlate intervjuet når spørsmålene om hans egne økonomiske disposisjoner begynner å bli nærgående.

Islands statsminister blir konfrontert med selskapet han eigde i Karibia, og som han selde til kona for 1 dollar.

– Toler ikkje fleire skandalar

Islandsk næringsliv har allereie eit frynsete rykte etter bankkollapsen i 2008.

–Vi toler ikkje fleire slike skandalar, vi må distansere oss, fortel Hjörtur Smárason til NRK.

Allereie er det mange investorar som er skeptiske til å samarbeide med islandske bedrifter, på grunn av bankkrisa.

– Tillit er den viktigaste valutaen i forretningslivet, og difor hastar det med å gje statsministeren sparken, og å skrive ut nyval.

Statsminister og kone på Island

Statsminister Gunnlaugsson og kona Anna Sigurlaug Pálsdóttir. Saman kjøpte dei eit selskap i eit skatteparadis.

Foto: RUV

Over 20.000 krev at statsministeren går av

– Sigmundur Davið, du er avvist som statsminister, står det å lese i underskriftskampanjen, som Smárason stiller seg 100 % bak.

Smárason legg til at statsministeren ikkje er skulda for å gjere noko ulovleg, men noko umoralsk. Og han meiner regjeringa elles har gjort lite for å regulere finansinstitusjonane på Island.

I dag er det tillyst ein demonstrasjon i Reykjavik mot regjeringa.

ICELAND FINANCE MELTDOWN

Store demonstrasjonar i Reykjavik i 2008 då islandske bankar gjekk over ende. Statsminister Gunnlaugsson var mannen som skulle rydde opp, men har skuffa mange. I dag blir det nye demonstrasjonar.

Foto: Brynjar Gunnarsson / AP

– Sat på andre sida av forhandlingsbordet

– Gunnlaugsson lovde å slost mot kreditorane som kravde pengar frå bankane som gjekk konkurs på Island.

Men han fortalde aldri at hans eigen familie var ein slik kreditor.

Det viste det seg at statsministeren sat på andre sida av forhandlingsbordet, fortel Smárason.

Gunnlaugsson seier han har tapt pengar på investeringa i Karibia. Men Smárason meiner likevel ekteparet drog fordel av skatteparadiset.

– Ja, dei tapte pengar, men det var millionar mindre enn det elles ville ha gjort.

Førte folket bak lyset

Stridens kjerne er eit selskap som statsministeren og kona Anna Sigurlaug Pálsdóttir kjøpte saman i eit skatteparadis, for å investere ein arv på omlag 80 millionar norske kroner.

Seinare selde statsministeren sin andel i selskapet til kona for ca. 1 dollar.

Selskapet Wintris har hatt økonomiske krav mot dei islandske bankane som gjekk konkurs under finanskrisa.

Desse opplysningane haldt Gunnlaugsson hemmeleg for dei islandske veljarane.

Skuffa over statsministeren

Smárason var imponert over Gunnlaugsson frå tida før han vart statsminister. Han kjempa mot ICE-save avtalen, og gjorde ein god figur.

Men måten han har agert på som statsminister, har skuffa mange, fortel omdømmeekspert og islending Hjortur Smárason på telefon frå København.

SISTE NYTT

Siste nytt