Hopp til innhold

Innfører restriksjonar på vatn i California

Folk i California må greia seg med mindre dusjing, bilvask og hagevatning i tida framover. Guvernøren innfører for første gong ein obligatorisk restriksjon på bruk av vatn som følgje av den verste tørken i delstaten på 1200 år.

Ein mann vaskar bilen sin i Alhambra, California

Bilvasking, vatning av store hagar og dusjing er noko av det privatpersonar i California brukar mest vatn på. No har guvernøren innført eit obligatorisk vassreduksjonsprogram for heile delstaten.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Innsjøen Oroville i California er hardt råka av tørken

Lake Oroville i California er i ferd med å tørka heilt ut. Her er innsjøen fotografert i juli 2011 (over) og i august 2014 (under).

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

Tørken i California har vart i fire år og etter ein vinter med rekordlite snø, er situasjonen kritisk. Det har ikkje vore tørrare i regionen på 1200 år, ifølgje forskarar som har studert jordsmonnet og årringane i trestammar.

– Me står på tørt gras, og me skulle ha stått på 1,5 meter høg snø. Me er inne i ein historisk tørkeperiode, seier guvernøren Jerry Brown i den amerikanske delstaten California til avisa New York Times.

Skrur ikkje igjen frivillig

Stor, grøn hage i Pasadena, Los Angeles

Mykje av vassforbruket i Los Angeles går til vatning av store plenar.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Onsdag innførte guvernøren eit obligatorisk program som skal redusera forbruket av vatn med 25 prosent i urbane strok samanlikna med forbruket i 2013. Det skjer etter eit mislukka forsøk på å få innbyggjarane til å frivillig kutta ned forbruket.

I dag går store delar av det totale private forbruket i delstaten til vatning av store hagar og plenar, vasking av bilar og til dusjing, ifølgje New York Times.

No må dei tenkja seg godt om før dei opnar kranane.

Golfbanar, parkar og kyrkjegardar skal også vatnast mindre. Om lag 4,6 millionar kvadratmeter med plenar skal erstattast med «tørketolerant landskap». Store farmar må rapportera inn i detalj kva dei brukar vatnet til.

I fjor sommar innførte vassverket bøter for privatpersonar som blir tekne i å sløsa med vatn. Den nye restriksjonen pålegg vassforsyningsselskapa å finna løysingar som medfører at vassbruken går ned og for å handheva restriksjonen. Dersom selskapa ikkje innfrir, risikerer dei dagbøter på opptil 10.000 dollar eller nesten 80.000 kroner.

– Kan bli behov for totalforbod

Guvernør Jerry Brown i California informerer om vannkutt

Guvernør Jerry Brown heldt pressekonferanse om dei nye vassrestriksjonane i ein dal i fjellkjeda Sierra Nevada, som vanlegvis er dekt av djup snø på denne tida av året.

Foto: Florence Low / Afp

Den same dagen som restriksjonen blei innført, blei det ifølgje LA Times også målt mindre snø enn på 60 år i fjellkjeda Sierra Nevada. Snøen her står for 30 prosent av vassforsyninga i California.

– Verda har endra seg, me må enda åtferda vår. Den vesle grøne plenen din som får vatn kvar dag – dei dagane er talte, seier guvernør Brown.

Regelendringa haustar støtte blant fagfolk.

– Guvernøren har forstått at me ikkje har tid til å venta på at frivillige tiltak skal verka. Dette er ei så raskt veksande krise at obligatoriske restriksjonar var absolutt naudsynt, seier Mark Gold ved UCLA sitt Institutt for miljø og berekraft til LA Times.

Enda større restriksjonar, som forbod mot all bruk av vatn utandørs, kan bli naudsynt i framtida, meiner direktøren for California Water Foundation Lester Snow.

Skilt i Los Angeles oppfordrar folk til å redusera vassforbruket

Lokale styresmakter oppmodar innbyggjarane i Los Angeles til å vatna plenane sine maks tre gonger i veka.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt