Det britiske kringkastingsselskapet
melder at domstolen, via mellommenn, har gjort det klart for Saif al-Islam at dei ser på han som uskuldig heilt til det er bevist at han er skuldig, og at han vil få ei rettferdig rettssak.Gaddafi-sonen er etterlyst av ICC for brotsverk mot menneskeslekta.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Skal vere i Niger
Seint i går kveld kom det meldingar frå det nasjonale overgangsrådet i Libya at Saif al-islam hadde flykta
, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder. ICC seier at dei ikkje veit kvar han er.mistenkjer Said al-Islam for å ha spelt ei viktig rolle i Gaddafi-regimet sine soldatar i angrepa mot sivile i fleire libyske byar mellom 15. - og 28. februar i år.
Det går mange rykte rundt Saif al-Islam, og det er vanskeleg å vite kva som stemmer og kva som er reint oppspinn.
Aktor Luis Moreno-Ocampo ved ICC-domstolen seier at dei via kontaktar at afrikanske leigesoldatar har tilbode Saif al-Islam å smugle han til eit land som ikkje har underskrive ein avtale med domstolen.
LES OGSÅ:
Til Zimbabwe?
Fleire meiner at Zimbabwe er eit mogleg land å reise til for han, om han vel å ikkje samarbeide med den internasjonale domstolen. Zimbabwes president Robert Mugabe har i mange år vore ein nær alliert av Muammar al-Gaddafi.
Det går hardnakka rykte om at det var kvite, sørafrikanske leigesoldatar som stod bak det mislukka forsøket på å smugle Muammar Gaddafi ut av Libya sist fredag. Rykta vil ha det til at det no er dei same leigesoldatane som no vaktar Saif al-Islam.
Sørafrikanske aviser melder at leigesoldatar frå det gamle apartheidregimet i fleire år har spelt ei sentral rolle i Libya.
Leigesoldaten Deon Oldendaal, som ligg på sjukehus i eit av Libya sine naboland, seier til den sørafrikanske avisa rapport at han vart vart såra i forsøket på å smugle Gaddafi ut av Sirte. Han fortel at mellom 20 og 50 sørafrikanske leigesoldatar deltok i det mislukka forsøket på å smugle diktatoren til nabolandet Niger, melder NTB.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Hylte som ein gris
Han fortel at Muammar Gaddafi hylte som ein gris etter at han vart pågripen av revolusjonssoldatane.
Den sørafrikanske avisa Beeld melder at fleire av desse leigesoldatane no vaktar Said al-Islam. Leigesoldatane som overlevde fluktforsøket sist fredag skal ha fått hjelp av libyske revolusjonssoldatar til å kome seg ut av Libya, mot god betaling.
Mummar al-Gaddafi vart pågripen av revolusjonssoldatar i fødebyen Sirte fredag for ei veke sidan, og like etterpå drepen under uklare omstende.
37 år gamle Saif al-Islam er den nest eldste sonen til Gaddafi, og han er truleg den som hadde mest makt i regimet
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: