Hopp til innhold

Her går mannen til angrep på pubgjestane

Mannen som skaut og drap to menneske og såra sju andre utanfor ein pub i Tel Aviv i Israel i går, er framleis på frifot.

Klipp frå overvakingsvideo som viser skyting

VIDEO: Her går mannen til angrep på pubgjestane.

Polititalsmann Micky Rosenfeld seier til AFP at politiet har trappa opp jakta på mannen, og at det er sett opp vegsperringar fleire stader i utkanten av byen. Videoen viser at mannen først er inne i ein daglegvarebutikk, der det ser ut som om han sjekkar varer. Han har på seg ein ryggsekk.

På veg ut av butikken tek han av seg ryggsekken og plukkar opp eit maskingevær. Så byrja å han å skyte rundt seg , før han stakk av frå staden.

– Faren kontakta politiet

Politiet har identifisert den mistenkte gjerningsmannen som ein 29 år gammal israelsk arabar. Han skal ha stole våpenet frå faren sin, som jobbar i tryggingsbransjen. Det skal ha vore faren som kontakta politiet då han kjende att sonen på bilete frå åstaden.

Israelsk ambulansepersonell tar med seg en av de sårede

To menneske vart drepne og sju andre såra i angrepet mot pubgjestar i Tel Aviv i går.

Foto: NIR ELIAS / Reuters

I går kveld sa advokaten Sami Melhem, ein slektning av 29-åringen, at den mistenkte gjerningsmannen har ei historie med mental sjukdom. Han er ikkje tilrekneleg, sa han blant anna. Men advokaten sa også at han har representert slektningen i retten etter at han vart tiltalt for å ha gått til angrep på ein israelsk soldat.

Melhem seier han ikkje veit om slektningen har ekstreme religiøse synspunkt.

Uklart motiv

I dag samla folk seg ved puben Simta i Dizengeoff-gata i Tel Aviv for å minnest dei som vart drepne under skytedramaet i går.

Israelsk politi seier dei førebels ikkje kjenner motivet for skytinga, men at dei undersøkjer fleire spor, blant anna om terrororganisasjonen IS kan stå bak. Leiaren Abu Bakr al-Baghdadi varsla nyleg at organisasjonen ville gjennomføre angrep i Israel.

Også Hizbollah har varsla hemn, etter at ein av deira profilerte krigarar i Syria vart drepen i det som truleg var eit israelsk flyangrep sist månad.

SISTE NYTT

Siste nytt