Anti-islamistisk diskusjon vart kapra av Twitter-brukarar

English Defence League-leiaren Tommy Robinson var skeptisk til at nettstaden Twitter har bilete av ein moské på sida si. Twitter-brukarane kapra temamerket «creepingsharia» og gjer narr av den.

Stephen Lennon, EDL (AKATommy Robinson)

English Defence League-leiar Stephen Lennon, AKA Tommy Robinson.

Foto: LEON NEAL / Afp

English Defence League-leiaren uttrykte misnøye med at Twitter har bilete av ein moské øvst på nettsidene deira.

Tommy robinson twitter
Foto: twitter.com

Merkelappen «creepingsharia», som Robinson brukte, vart kapra av twitterbrukararne, skriv The Huffington Post.

Biletet av «moskeen» er i realiteten eit bilete av det kjende byggverket Taj Mahal, men EDL-leiaren meiner det er nok eit eksempel på islamisering.

Harslering

No harselerer mange twitterbrukarar med utsegna, og finn eigne teikn på islamisering.

Creeping sharia
Foto: twitter.com

Alt frå klaging på algebra i skulen til «det er ikkje meir skinke i kjøleskapet» blir etterfølgt av «creepingsharia».

creeping sharia
Foto: twitter.com

– Komisk

bjørnar moxnes

Bjørnar Moxnes synest det er bra at «twitteratet» harselerer med anti-islamistiske haldningar.

Foto: NTB Scanpix

Nestleiar i partiet Rødt, Bjørnar Moxnes, humra over den feilslåtte taktikken til Robinson på Twitter.

«Fantastisk! English Defence League-rasist starta #creepingsharia tag – og twitter kapra den!», skreiv han.

Moxnes meirer EDL-leiaren prøver å mobilisere støtte for saka si.

– Det er komisk at ein fyr som skal vise kor forferdeleg islam er vel eit bilete av Taj Mahal for å illustrere det. Alvoret i det er jo at det viser ein førestelling som han og mange med han har om at det går føre seg islamisering i Europa, seier han.

Moxnes meiner dette er eit eksempel på at Twitter også kan vere ein nyttig politisk kanal.

– Harseleringa tek luven av forsøket på å piske opp ein antimuslimsk stemning, seier han.