Mindre enn hundre dagar etter at statsminister Mariano Rajoy vart vald, og lova å minke arbeidsløysa på nesten 23 prosent, er det generalsteik i Spania.
I februar vart det vedteke ei arbeidsreform som gjer det billegare for bedrifter å sparke tilsette og senke lønningar, for å kome seg gjennom den økonomiske krisa.
I morgon legg regjeringa fram budsjettet for 2012, som inneheld skatteauke og massive kutt i offentlege utgifter.
Ifølge kredittvurderingsbyrået Moody's må den spanske regjeringa kutte 41,5 milliardar euro i år for å unngå at underskotet overstig 5,3 prosent, som er grensa EU har satt.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram uder biletet)
Rammer trafikken
70 prosent av buss-, regiontog- og undergrunnstrafikken blir ramma, og fyselskapa Iberia, Air Nostrum og Vueling har avlyst kring 60 prosent av flygingane, melder nyheitsbyrået AFP.
Rutene frå SAS og Norwegian går som vanleg, men tilbringetenester på bakken i Spania blir ramma av streiken.
– Me oppfordrar folk til å planlegge betre tid til å kome seg til flyplassane i Spania, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.
Star Tour er ikkje særleg bekymra over streiken og melder at deira charterturar til Gran Canaria berre vart utsette til seinare på dagen.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram under biletet)
58 arresterte
Dei streikande marsjerar i gatene med raude flagg og plakatar, og samlar seg utanfor butikkar, bankar og togstasjonar.
Politiet har arrestert 58 personar og ni personar er lettare skadde, ifølgje Christina Diaz i det spanske innanriksdepartementet, melder AP.
Diaz sa også at ein molotov-koktail vart kasta mot ein politibil i byen Murcia.
Ein politimann slo ein demonstrant i hovudet med ein batong, då mannen prøvde å stoppe ein buss, fortel ein av AFP sine fotografar.
Det er venta at arbeidsløysa vil auke til 24.3 prosent i år, når 630 000 fleire mister jobben.
Den spanske økonomien er venta å krympe med 1,7 prosent i år.
- LES OGSÅ: