Hopp til innhold

Full konfrontasjon mellom Madrid og Barcelona

Den spanske grunnlovsdomstolen har i dag samrøystes avgjort at vedtaket i parlamentet i regionen Catalonia om å starte ein prosess for å bli ein sjølvstendig stat, er i strid med Spanias grunnlov. Det skremmer ikkje den katalanske regjeringa.

Katalansk flagg

Fleire hundre tusen menneske demonstrerte i Barcelona for katalansk sjølvstende på den katalanske nasjonaldagen 11. september.

Foto: ALBERT GEA / Reuters

Svaret frå den katalanske regionregjeringa kom kjapt og kontant etter avgjerda i Madrid. – Vedtaket i parlamentet blir ståande, same kva grunnlovsdomstolen meiner, seier talskvinne Neus Munte til nyheitsbyrået AFP i kveld.

I vedtaket i det katalanske parlamentet i Barcelona 9. november, vart det slått fast at parlamentet var «suverent», og at det ikkje må rette seg etter avgjerder i spanske institusjonar.

Spanias statsminister Mariano Rajoy.

Spanias statsminister Mariano Rajoy er svært glad for avgjerda i den spanske grunnlovsdomstolen.

Foto: SERGIO PEREZ / Reuters

Det katalanske parlamentet skal ikkje rette seg etter andre lover enn det dei sjølve vedtek, heiter det blant anna i vedtaket. Vedtaket vart gjort med 72 mot 63 røyster.

Rask avgjerd

Det var Spanias konservative statsminister Mariano Rajoy som bad grunnlovsdomstolen ta opp vedtaket i det katalanske parlamentet snarast mogleg. Han uttrykte i dag glede over avgjerda.

– For fleirtalet av spanjolane, som trur på Spania og nasjonal suverenitet, er vi svært glade for denne avgjerda, sa Rajoy etter grunnlovsdomstolen hadde sagt sitt i dag.

I vedtaket i det katalanske parlamentet heiter det blant anna at arbeidet med å førebu ei full lausriving frå Spania skulle starte i løpet av 30 dagar etter vedtaket. Dermed byrja det å haste for domstolen, og ifølgje den spanske storavisa El Pais er dette den raskaste avgjerda grunnlovsdomstolen nokon gong har teke.

Snart parlamentsval

Sjefen for grunnlovsdomstolen, Francisco Perez de los Cobos, seier han ville ha ei avgjerd i saka før valkampen til parlamentsvalet startar offisielt førstkomande fredag. Valet er 20. desember.

Artur Mas (t.v.) Oriol Junqueras feirer valgseieren i Barcelona søndag

Leiaren for den regionale regjeringa i Catalonia, Artur Mas, feirar vedtaket i parlamentet 9. november om å starte lausrivingsprosessen frå Spania. Ved sida av han Oriol Junqueras.

Foto: Manu Fernandez / Ap

Statsminister Rajoy og partiet hans PP, Partido Popular, vil i valkampen presentere seg som sjølve garantisten for spansk einskap, men også som partiet som har fått Spania ut av den djupe økonomiske krisa landet har vore i sidan 2009.

Meiningsmålingar i Catalonia, ein region i det nordaustlege Spania med 7,5 millionar innbyggjarar, og der Barcelona er hovudstad, viser at det er eit klart fleirtal for å halde ei direkte folkerøysting om lausriving.

Marsjerer for Catalonias «nye framtid»

Pep Guardiola til val for eit sjølvstendig Catalonia

Fleirtal mot lausriving

Dei siste målingane viser likevel at 48,2 prosent av dei spurde er motstandarar av at Catalonia skal erklære seg som ein sjølvstendig stat, medan 46,6 prosent meiner at regionen skal gå heile vegen og rive seg laus frå Spania.

Avgjerda i den spanske grunnlovsdomstolen i dag gjer det mogleg for domstolen å innføre sanksjonar mot høgståande tenestemenn som ikkje rettar seg etter domstolen sine retningsliner. I verste fall kan domstolen også avsette tenestemenn frå stillingane sine.

Catalonia er ein av dei rikaste spanske regionane, og dei har ein sterk nasjonal identitet. Dei har sin eigen kultur og sitt eige språk.

Catalonia røystar om sjølvstende – FC Barcelona er viktigaste symbolet

Skjebneval for Catalonia

SISTE NYTT

Siste nytt