Franksmannen skal ha blitt bortført av væpna menn på reise frå nord-Jemen.
Det er ikkje stadfesta kven som står bak, men det er vanleg for folk på den fattige halvøya å bortføre både utlendingar og jemenittar for å forhandle om å frigjere slektningar som er i fengsel.
Dei fleste gislane som er blitt bortført av slike årsakar er blitt frigjorte uskadd.
Sjåførane slapp unna
Ei talskvinne for den Internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) i Sanaa, sa at franksmannen, som arbeider i den nordlege byen Saada, blei bortført om lag 30 kilometer unna hamnebyen han var på veg til.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han skal ha vore saman med to jemenittiske sjåførar som kidnapparane sette fri kort tid etterpå. Til no har ikkje ICRC lukkast i å få kontakt med kidnapparane eller offeret.