Hopp til innhold

Første drukningar i Egeerhavet etter avtalen mellom EU og Tyrkia

Trass i avtalen mellom EU og Tyrkia som skal hindre migrantar i å legge ut på sjøen, er det kvar dag nye som tek seg over. Laurdag enda det i ei drukningsulukke – den første sidan avtalen blei signert.

Greece Migrants

Pireus, hamna nær den greske hovudstaden Athen, har blitt ei stor gjennomfartsåre for migrantane som kjem via dei greske øyene.

Foto: Yorgos Karahalis / Ap

– Fem personar blei redda, men fem andre døydde då plastbåten deira gjekk i stykke, seier ein talsmann for den greske kystvakta til AFP.

Det er første gong nokon har drukna i eit forsøk på å nå Europa via Egeerhavet sidan ein omstridd avtale mellom EU og Tyrkia om retur av migrantar blei signert 20. mars (sjå faktaboks).

Vil hindre fleire i å ta sjøvegen

Føremålet med avtalen er å hindre at migrantar, ofte ved hjelp av menneskesmuglarar, legg ut på sjøen for å kome seg frå Tyrkia til Hellas og vidare nord i Europa.

GREECE-TURKEY-EUROPE-MIGRANTS

Fredag frakta denne ferja andre pulje med migrantar frå Hellas til Tyrkia.

Foto: STRINGER / Afp

Den tyske innanriksministeren Thomas de Maizière sagt at talet på asylsøknader til Tyskland har gått ned med 66 prosent i mars.

Det er likevel for tidleg å seie om dette har med Tyrkia-avtalen å gjere. Dei stengde grensene på Balkan har også verka inn på talet flyktningar som kjem til landa lenger nord. De Maiziere peikar også på at ruta mellom Nord-Afrika og Italia kan bli meir populær igjen, som eit alternativ til Tyrkia-Hellas.

Men heller ikkje her har ikkje dei farlege sjøreisene stoppa opp heilt. Måndag var det til og med fleire som kom til Hellas enn det var migrantar som blei returnerte, ifølge tal frå International Orgaanization for Migration (IOM).

Greece Migrants

Gresk politi stenger hovudporten til Moria-leiren på øya Lesbos. Her må migrantane vere til asylsøknadane deira er handsama.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Dei som søker asyl i Hellas har rett på å få søknaden sin handsama før ein eventuell retur, men blir i mellomtida sperra inne i deportasjonssenter, noko som også har auka protestane mot avtalen.

Hellas slit også med å ha nok funksjonærar som kan handsame søknadane raskt nok, og menneskerettsgrupper har også stilt spørsmål ved om alle migrantane får ei rettferdig handsaming. Måndag skal 13 migrantar ha blitt returnert utan å få moglegheit til å søke asyl.

Avhengig av tyrkisk samarbeid

Torsdag gjorde den tyrkiske nasjonalforsamlinga eit vedtak som gjer at dei kan sende pakistanarane tilbake til Pakistan. Syrarane er den einaste nasjonale gruppa som er garantert å få vern i landet, sjølv om Amnesty hevdar at også syrarar har blitt sende tilbake til sitt krigsherja heimland. Tyrkiske myndigheiter avviser dette.

Tyrkia har også truga med at om EU ikkje held løfta sine kan Tyrkia la vere å gjennomføre sin del av avtalen.

Kritikarar meiner EU med avtalen har vendt det døve øyret til den autoritære retninga Tyrkia har teke under Erdogan sitt leiarskap.

Greece Migrants

Migrantane som blir sende tilbake til Tyrkia blir sjekka og registrerte i kystbyen Dikili før dei blir sendt til eit deportasjonssenter nær den bulgarske grensa der det er venta at dei bli sende tilbake til heimlanda sine.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt