Hopp til innhold

Fleire tusen i demonstrasjon mot islam og innvandring

«Dette er vår heim» stod det på fleire plakatar i Calais i Frankrike laurdag ettermiddag då Pegida-demonstrantar trassa protestforbodet i byen. Fleire tusen andre gjorde det same i andre europeiske byar samstundes.

Supporters of the anti-Islam movement PEGIDA take part in a demonstration in Dresden

HAT: Dei fryktar at innvandrarar og muslimar skal ta over for den vestlege kulturen i Europa, og laurdag heldt dei demonstrasjonar i fleire europeiske byar.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Utrusta med slagord, flagg og taktfast marsj gav fleire tusen europearar klar beskjed om kva dei meiner om islam og innvandring laurdag ettermiddag: «Valdtektsflyktningar er ikkje velkomne» og «Vi må ikkje la Calais døy!»stod på plakatane og flagga dei hadde med seg.

Den innvandringskritiske rørsla Pegida hadde varsla fleire aksjonar i fleire europeiske byar laurdag.

8000 protesterte i Dresden

EUROPE-MIGRANTS/ Members of the Garda Public Order Unit and riot police attend an anti-racism demonstration against the launch of an Irish branch of PEGIDA

MOTDEMONSTRASJON: Politiet måtte halde Pegida-demonstrantar og motdemonstrantar unna kvarandre i fleire europeiske byar laurdag.

Foto: CLODAGH KILCOYNE / Reuters

I den tyske byen Dresden møtte 8000 antiislamistar opp til demonstrasjon, medan motdemonstrantane møtte mannssterke opp på den andre sida av elva Elben, som renn gjennom byen, melder NTB.

I Amsterdam i Nederland hadde Pegida sitt aller første protestmøte laurdag, og berre 200 personar dukka opp til markeringa. Der måtte politiet, mellom anna til hest, løyse opp i tumultane som oppstod då motdemonstrantar kom, og protesterte tilbake til Pegida-tilhengarane.

Pegida står for, Patriotiske europearar mot islamiseringa av vesten, og har det siste året fått fleire tilhengarar.

Den store flyktningstraumen skal vere årsaka, og tilhengarane fryktar at vestleg kultur skal døy ut, og islam skal overta Europa. Rørsla vart til i Dresden for to år sidan, og har sidan då vekse.

I fjor på same tid i Dresden møtte 25.000 deltakarar opp for markere misnøye med Angela Merkel og hennar flyktningpolitikk. Leiaren for gruppa, Tatjana Festerling, har sagt at Merkel er uansvarleg og at ho er den farlegaste kvinna i Tyskland.

Trassa forbod frå myndigheitene

I tillegg til å kjempe for vestlege tradisjonar og kultur, sympatiserer gruppa med Russland. Fleire russiske flagg var å sjå i protestaksjonane over Europa laurdag.

I den franske byen Calais er det ein stor flyktningleir med det som vert karakterisert som uverdige forhold. Her bur det 4000 flyktningar, som har fått kallenamnet jungelen, melder NTB.

Det er protestforbod i byen på grunn av den kritiske situasjonen, men 150 personar trassa forbodet, og møtte opp for å vise si misnøye med innvandringa. Dei heva det franske flagget og song den franske nasjonalsongen i toget. Der brukte politiet tåregass, og ti personar vart henta av politiet, melder nyhendebyrået AFP.

Fem motdemonstrantar hos politiet

Også i Storbritannia, Polen, Irland, Danmark, Finland og Tsjekkia har det vore mindre demonstrasjonar i dag.

I Tjekkia sette 20 personar fyr på eit asylmottak eit par timar etter demonstrasjonane der, og politiet veit førebels ikkje kven som står bak. Ein person vart skadd, opplyser polititalskvinne Iveta Martinkova melder NTB.

I København vart fem personar tekne av politiet, etter at dei deltok i motaksjon mot Pegida-demonstrantane, melder nyhendebyrået Ritzau.

Angrepa på kvinner på nyttårsaftan der fleire hundre kvinner meinte seg krenka og tekne på av framande menn, har gjeve næring til misnøya til dei anti-islamske gruppene.

SISTE NYTT

Siste nytt