Hopp til innhold

FBI åtvarar om terror mot kjende bygningar i Italia

Det amerikanske føderale politiet FBI har åtvara italienske styresmakter om at Peterskyrkja i Roma, Katedralen i Milano og La Scala-operaen i Milano kan vere mål for islamistiske terroristar.

Peterskirken i Roma

Peterskyrkja i Roma kan vere mål for islamistiske terroristar, meiner FBI.

Foto: Anton Balazh / ScanstockPhoto

FBI har også informert italiensk politi om fem namngitte menn av arabisk opphav, som kan opphalde seg i Italia med oppdrag å utføre terroraksjonar, melder det italienske nyheitsbyrået Ansa .

Etter terroraksjonen mot Paris sist fredag er det ei nervøs stemning i dei italienske storbyane. Berre torsdag var det tre falske bombealarmar på metroen i Roma og ein falsk alarm i Milano. Ansa melder at det er svært spent stemning i landet, og skildrar det som nærmast ei terror-psykose.

Jaktar på fem menn

Italias utanriksminister Paolo Gentiloni.

Italias utanriksminister Paolo Gentiloni forsikrar om at styresmaktene gjer alt for å finne dei fem namngitte mennene FBI har varsla om.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Utanriksminister Paolo Gentiloni seier at tryggingstenestene og styresmaktene gjer alt dei kan for å finne dei fem mennene FBI siktar til.

Den amerikanske ambassaden i Roma stadfestar at Peterskyrkja i Roma, Katedralen i Milano (Duomo) og La Scala-operaen i Milano er moglege terrormål. I tillegg er ifølgje ambassaden stader som kyrkjer, synagogar, restaurantar, teater og hotell i begge desse byane potensielle terrormål.

Italienske styresmakter har auka vakthaldet rundt sentrale bygningar i sentrum av Roma betydeleg dei siste dagane. Også i Milano er det langt fleire politifolk i gatene enn normalt. Det også sett inn store ekstra ressursar i å følgje med på dei mange overvakingskameraa som er sette opp i sentrum av dei to storbyane.

Syrer pågrepet med falskt norsk pass i Italia

– Ikkje bakkekrig i Syria

Samstundes som utanriksminister Paolo Gentiloni prøver å dempe frykta ved å forsikre om at alt blir gjort for å finne dei fem namngitte mennene, så gjorde han det i dag klart at det aldri vil kome på tale å gå til krig mot IS på bakken i Syria.

La Scala

La Scala-operaen i Milano er eit mogleg terrormål, meiner FBI.

Foto: LUCA BRUNO / AP

– Ingen vil sette støvlane sine på syrisk jord. Vi er klare til å hjelpe dei franske brørne våre, men korkje vi, Frankrike, USA eller andre allierte vestlege land, vil starte bakkeoperasjonar i Syria, sa Gentiloni i eit intervju med kringkastingsselskapet RAI.

Han la til at alle er samde om at det ikkje er ei militær løysing på borgarkrigen i Syria, og at ei politisk løysing er den einaste vegen å gå.

Den amerikanske ambassaden oppmodar amerikanske turistar i Italia om å vere på vakt og halde seg informert gjennom lokale medium og andre informasjonskanalar.

Kvinne ved Duomo di Milano

Turistmagneten Duomo di Milano, Katedralen i Milano, er eit terrormål, ifølgje FBI.

Foto: Colourbox.com

Flere tror terror og islam er det samme

Desse er mistenkte for terrorangrepet i Paris

SISTE NYTT

Siste nytt