Hopp til innhold

Rapporterte om stormen - såg ikkje kjempebølgje

Ein fjernsynjournalist gjekk litt vel tett på då ho skulle rapportera om den tropiske stormen «Nanmadol» i Kina.

Video Kjempebølgje slo til under TV-sending

Ei 20 meter høg bølgje slo til under ei kinesisk TV-sending om den tropiske stormen Nanmadol.

Reporteren frå den kinesiske fjernsynskanalen CCTV var nære ved å få kjenna naturkreftene på kroppen då ho skulle informera sjåarane om den siste utviklinga av stormen.

Kvinna var ivrig etter å få eit så godt utsnitt som mogleg, og hadde stilt seg i strandkanten i turistområdet Haining i den austlege Zhejiang-provinsen.

Den ikkje-namngjevne journalisten rapporterte på direktesendt fjernsyn då ei 20 meter høg bølgje plutseleg reiste seg i bakgrunnen.

Monsterbølgja slo ned over ei sjødike, som dermed skåna journalisten for ein større støyt. Reporteren kom frå hendinga utan ei skramme - men forfjamsa og gjennomblaut.

Frå orkan i Taiwan til storm i Kina

Nanmadol blei nedgradert frå orkan til tropisk stom måndag, etter å ha gjeve både Filippinane og Taiwan hard medfart.

I helga tok uvêret 16 menneskeliv på Filippinane. Måndag mista ein motorsyklist livet i Taiwan, der store jordskred også sperra inne 300 menneske i ein landsby.

Orkanen etterlét seg også ein halvmeter med vatn som har overfløymt bustader, vegar og jordbruksland. Øydeleggingane er store i den vesle øystaten i Stillehavet.

TOPSHOTS-TAIWAN-WEATHER-TYPHOON -

Regnet etter orkanen Nanmadol hølja i går ned over Taiwan. Her fraktar foreldre borna sine frå ein barneskule i Checheng i den sørlege Pingtung-provinsen.

Foto: Chao Chang / Afp

Styrtregn i vente

Orkanen blei veikare før den slo inn over søraustkysten av Kina onsdag, opplyser det Nasjonale Metereologiske Senteret i Kina.

Nanmadol er den ellevte tropiske stormen som råkar Kina så langt i år.

Natt til onsdag brasa den inn over provinsen Fujian, med vindar opp i 72 kilometer i timen. Lokale media melder om store skadar på avlingane, men det er førebels ikkje meldt om alvorlege personskadar.

Etter at den blei nedgradert til ein tropisk storm, har styresmaktene oppheva alle åtvaringar og krisetiltak.

Flytrafikken ved dei to store flyplassane i provinsen går som normalt og skipsfarten vil også gå tilbake i ordinær drift innan kort tid. Meteorologane åtvarar om kraftig regn i heile regionen dei neste tre dagane, som ein etterverknad av stormen.

Stormen Nanmadol når Kina

Ein mann greidde berre å redda nokre få eigedelar då bustaden hans blei øydelagd i stormen som natt til onsdag kom inn over Kina.

Foto: STR / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt