Hopp til innhold

Europa skjerpar grensekontrollen

Det som har vorte omtala som ei flyktningkrise dei siste månadane har etter fredagens angrep i Paris fått ein ny dimensjon. Fleire land signaliserer no strengare grensekontrollar av tryggingsomsyn.

France Climate Countdown

PÅ GRENSA: Frankrike hadde allereie avgjort å forsterke grensekontrollen i forkant av klimatoppmøtet som startar i slutten av november. Etter terrorangrepa i Paris har grensekontrollen blitt ytterlegare skjerpa.

Foto: Bob Edme / Ap

– Vi må gjeninnføre våre nasjonale grenser. Vi må stoppe flyktningstraumen.

Marine Le Pen, leiar for Frankrikes parti Nasjonal Front, nytta høvet etter terroren råka Paris fredag til å gjenta noko ho har forfekta lenge, i eit intervju på tv-kanalen France 2.

Frykt for terroristar blant flyktningane

Og no kjem innvendingane ikkje berre frå det yttarste høgre. Med eit rekordhøgt tal flyktningar til Europa så langt i år, har fleire land og politikarar teke til orde for å stramme inn grensekontrollane.

Sist ute var Sverige, som til no har teke imot rekordmange flyktningar. Thomas Philippon, professor ved New York University kallar det ei andre eksistensielle krise for EU etter finanskrisa.

SLOVENIA-AUSTRIA-EUROPE-MIGRANTS

NOK EI GRENSE: Eit barn blir løfta over grensa mellom Austerrike og Slovenia. Austerrike annonserte nyleg at dei vil forsterke grensa, etter at fleire flyktningar tek seg gjennom Austerrike etter at Ungarn stengte sine grenser.

Foto: Rene Gomolj / Afp

Nyhenda om at ein av dei som stod bak terror-angrepet i Paris før helga kan vere ein syrisk flyktning, har auka diskusjonen om faren for at terroristar kan ta seg inn i Europa, sjølv om størsteparten av terroristane var franske og belgiske statsborgarar.

Schengen-området

SCHENGEN UNDER PRESS: 26 land utgjer Schengen-området. Fire av dei, deriblant Noreg, er utanfor EU.

Foto: Brukeren Ssolbergj på Wikimedia Commons (under Creative Commons-lisens BY-SA 3.0)

Den tyske parlamentarikaren Karl-Georg Wellman, leiar for utanrikskomiteen i Bundestag, har ifølge BBC sagt at det tyske folk vart fortalt at då dei nasjonale grensekontrollane falt bort ville dei verte erstatta av kontrollar langs EUs ytre grenser. Om desse kontrollane ikkje verkar, sa han, må dei nasjonale grensene gjeninnførast.

– Schengen er ikkje problemet

Dimitris Avramopoulos, EUs migrasjonskommissær, seier seg einig med Wellman til ei viss grad, men avfeia derimot på ein pressekonferanse onsdag at det er aktuelt å endre Schengen.

EUROPE-MIGRANTS/EU EU Commissioner for Migration Avramopoulos give a news conference in Brussels

VIL BEVARE SCHENGEN: Dimitris Avramopoulos, EUs migrasjonskommissær understrekar at Schengen er her for å bli, men at ein openbart må gjere endringar.

Foto: ERIC VIDAL / Reuters

– Schengen er ikkje problemet, sa EU-kommissæren, og la til at nokre delar sjølvsagt må endrast og forbetrast.

Fredag skal EUs innanriksministrar møtast for å diskutere grensetiltak, og ifølge EU Observer kjem Frankrike med forslag til fleire tiltak, både av tiltak som allereie finst i EU-lovverket og framskunding av nye tiltak som lagring av namn på alle som flyr internt i EU i eitt år. EU planlegg også å innføre ein såkalla «Smart Borders-pakke», med felles kontrollar langs yttergrensene.

SISTE NYTT

Siste nytt