Hopp til innhold

Endå ei svensk kvinne stadfesta drepen i Brussel

Det svenske utanriksdepartementet stadfestar i dag at ei svensk kvinne i 30-åra er blant dei drepne i terroraksjonen mot metroen i Brussel sist tysdag.

Overvåkningsbilde flyplass brussel,

Dei to sjølvmordsbombarane på Brussel-flyplassen på veg inn i avgangshallen. Mannen til høgre kom seg unna, men er seinare arrestert.

Foto: overvåkningsbilde, belgisk politi

Kvinna skal vere frå det nordlege Sverige. Ho var på stasjonen der ein sjølvmordsbombar detonerte ein sprengladning. Dermed er det stadfesta at to svenske kvinner vart drepne i terroraksjonane i den belgiske hovudstaden.

I går vart det stadfesta at ei 61 år gammal svensk kvinne vart drepen i terrorangrepet mot flyplassen. Ho var ein frå ein stad i dei midtre delane av Sverige.

Gravid kvinne såra

I tillegg til dei to svenske kvinnene som miste livet i terrorangrepa, vart også ei gravid svensk kvinne blant dei 340 såra etter angrepa. Ho er innlagd på sjukehus og får behandling for brannskadar.

Minst 31 menneske vart drepne i terrorangrepa mot flyplassen og eit metrotog i Brussel på morgonen 22. mars. Dette talet inkluderer dei tre terroristane.

23 av dei 340 såra får framleis intensivbehandling. Dei drepne og såra kjem frå fleire ulike land, og identifiseringsarbeidet er enno ikkje avslutta.

Löfven kondolerer

Sveriges statsminister Stefan Löfven har uttrykt si medkjensle med familiemedlemene til offera.

– Eg sørgjer saman med familiane til dei omkomne i denne vanskelege tida, seier han i ei fråsegn på nettsidene til den svenske regjeringa.

Tidslinje over eksplosjonene i Brussel

Belgisk avis: - Et endeløst mareritt for et land

Produserte bomber i tom boligblokk

SISTE NYTT

Siste nytt