Hopp til innhold

Eksplosiv start på omstridd val i Burundi

I Burundi starta dagens val med nye eksplosjonar. Landet har vore særs uroleg den siste tida, og ein trur mange vil halde seg heime når det omstridde presidentvalet vert gjennomført i dag. Opposisjonen boikottar valet.

APTOPIX Burundi Election

I dag er det val i Burundi. Dette biletet er frå parlamentsvalet i slutten av juni.

Foto: Gildas Ngingo / Ap

Minst tre eksplosjonar vart høyrde i går kveld, berre timar før vallokala skulle opne klokka seks i dag tidleg. I tillegg skal det ha blitt høyrd skotveksling.

Bakgrunnen for eksplosjonane er ukjent

Også i morgontimane i dag kjem det meldingar om eksplosjonar i hovudstaden Bujumbura. Minst to personar er drepne, melder nyheitsbyrået AFP. Dei drepne skal vere ein politimann og ein sivil. Så langt er over 100 drepne i valden i Burundi.

Burundi Political Tension

Politimenn var i går ute i gatene for å passe på dagen før valet. Både i går og i dag er det høyrt eksplosjonar i hovudstaden Bujumbura.

Foto: Jerome Delay / Ap

Det er ikkje kjent kva som er årsaka til eksplosjonane, men det har vore uroleg i Burundi den siste tida.

Opposisjonen i landet boikottar valet og vil ikkje at president Pierre Nkurunziza skal stille til val for sin tredje periode. Dei meiner han bryt grunnlova, som berre tillèt ein president å bli vald to gonger (sjå faktaboks for meir informasjon).

FN: – Ikkje rettvist og fritt val

Vald har prega Burundi i opptakta til valet, som har blitt utsett. Då Burundi gjennomførte parlamentsval i slutten av juni så var det mange som ikkje ville stemme, fordi dei var redde for vald og uro.

Valet fekk også kritikk av FN, som meinte valet verken var fritt eller rettvist. Ifølgje FN vart det brukt skremselspropaganda for å halde folk borte frå vallokala.

TOPSHOTS-BURUNDI-POLITICS

Ein mann transporterer ei jerndør på ein sykkel. Kvardagen går sin gang for dei fleste i Burundi, sjølv om valuroa tek mest merksemd.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

– Tilhøva låg ikkje til rette for at presidentvalet kunne bli gjennomført på ein fri, truverdig og inkluderande måte, sa FN-talsmann Farhan Raq til AFP den gong.

Nkurunzizas parti vann parlamentsvalet med god margin, og det er venta at han også vil vinne dagens presidentval sidan store deler av opposisjonen gjennomfører ein boikott.

– At Nkurunziza stiller til val som president er eit konstitusjonelt kupp, har tidlegare president Sylvestre Ntibantunganya sagt.

Kvitta seg med kritikarar

Ntibantunganya er ein av dei som har trekt seg frå valet fordi dei meiner at det ikkje er mogleg å halde eit fritt og rettvist val.

Fleire personar som har uttrykt seg negativt om president Nkurunziza har anten flykta frå landet eller gøymer seg på grunn av dødstrugslar. Den øvste generalen i militæret forsøkte også å gjennomføre eit statskupp i mai, utan hell.

Presidenten har kvitta seg med fleire tidlegare støttespelarar som har kritisert hans forsøk på å stille til val på ny. Det har også kome internasjonale reaksjonar på presidentens forsøk på å stille til val på ny, utan at det har fått han til å trekke seg.

FNs generalsekretær, Ban Ki-moon har bedt burundiske styresmakter sørge for at valet vert gjennomført på ein fredfull måte, og han oppmodar begge partar å halde seg borte frå vald.

SISTE NYTT

Siste nytt