Hopp til innhold

Ein drepen, mange såra i Kairo

Ein person vart drepen og 119 såra i samanstøytar mellom salafistar og innbyggjarar i bydelen Abbassiya i Kairo i natt.

Sammenstøt i Kairo.

Det var harde samanstøytar i bydelen Abbassiya i Kairo i heile natt.

Foto: Ahmed Ali / Ap

Ei stor gruppe ytterleggåande islamistar og salafistar marsjerte innn i Abbassiya for å protestere mot at valkommisjonen hadde nekta salafisten Hazem Abu Ismail å delta i presidentvalet 23.- og 24. mai.

Salafistane er sterkt konservative og held seg så nær opp til dei opphavlege skriftene i koranen som mogleg.

Gjekk til motangrep

Demonstrantar i bønn i Kairo.

Saslafistar i bønn under uroa i Kairo natt til søndag.

Foto: Nasser Nasser / Ap

Innbyggjarar i bydelen, som blant anna husar Forsvarsdepartementet, gjekk til motangrep på islamistane, og det kom til harde samanstøytar som heldt på heilt til det vart lyst søndag morgon. Begge sider kasta stein og brannbomber på kvarandre, melder nyheitsbyrået AFP.

Militærpolitiet, som vaktar Forsvarsdepartementet, greip ikkje inn for å stanse uroa.

Det egyptiske helsedepartementet opplyser at ein person vart drepen og 119 såra i uroa.

Fleire utestengde

Valkommisjonen avgjorde 14. april at ti kandidatar til presidentvalet ikkje oppfyller krava til å stille i kampen om å bli Hosni Mubaraks etterfølgjar. Blant andre som vart utestengde frå valet er Khairat El-Shater frå Den muslimske brorskapen og Mubaraks tidlegare etterretningssjef Omar Suleiman.

Salafisten Hazem Abu Ismail vart utestengd frå presidentvalet fordi mor hans har både egyptisk og amerikansk statsborgarskap. Tilhengjarane hans meiner at valkommisjonen berre brukar dette som eit påskot for å hindre han i å delta i valet.

Sivilt styre innan utgangen av juni

Første runde av presidentvalet går altså 23.- og 24. mai. Om ingen av kandidatane får meir enn 50 prosent av røystene, blir det ein ny valomgang to veker seinare.

Det styrande militærrådet, som blir leidd av feltmarskalk Hussein Tantawi, har lovd å overføre makta til ein sivil president innan utgangen av juni.

SISTE NYTT

Siste nytt