Hopp til innhold

Etter det blodige drapet: – I vårt land skjer dette kvar dag

Ein busspassasjer med eit kamera fekk plutseleg merksemda til ein opphissa mann med blodige hender og machete, som prøvde å rettferdiggjere det brutale drapet som skjedde berre nokre minutt før.

Pågrepet London

SNAKKAR TIL KAMERA: Mannen med blodige hender og våpen seier til kamera at slike ting skjer heile tida i «sitt land», rett etter det brutale drapet i London.

– Vi må kjempe mot dei slik dei kjempar mot oss. Eit auge for eit auge, ei tann for ei tann, seier mannen til kamera.

– Eg er lei for at kvinner måtte vere vitne til dette, men i vårt land er kvinner vitne til dette kvar dag, seier mannen, utan å seie kva land han kjem frå.

Hendene hans er fulle av blod etter at ein mann blei slått brutalt i hel midt på gata i Woolwich i London, framfor sjokkerte vitne, berre nokre minutt tidlegare.

Bak mannen med machete som blir intervjua, ligg ein avdød mann midt i gata.

– Fjern regjeringa dykkar, dei bryr ikkje seg

Ein mann som var passasjer på ein forbipasserande buss leita fram kameraet sitt, og filma mannen sitt tilsynelatande forsøk på å rettferdiggjere drapet, med liket til den avdøde liggande midt på gata i bakgrunnen.

Gjerningsmannen bak det brutale machete-drapet i London

SNAKKAR TIL KAMERA: Mannen med blodige hender og våpen seier til kamera at slike ting skjer heile tida i «sitt land», rett etter det brutale drapet i London.

Foto: iTV News

– Folk vil aldri vere trygge. Fjern regjeringa dykkar, dei bryr seg ikkje om dykk, ropar mannen, før han går tilbake til den døde kroppen midt i gata, og snakkar med sin medsamansvorne som heller ikkje har reist frå staden etter drapet.

– Hakka offeret med kniv

Dei to mennene skal ha hoppa ut av ein bil og gått til angrep med machete og kniv på ein tilsynelatande tilfeldig mann som gjekk langs gata, tilsynelatande heilt umotivert, og framfor dusinvis av sjokkerte vitne.

– Dei to mennene var galne. Dei var som dyr. Dei hakka offeret med kniv, slepte han frå fortauet og dumpa han midt i vegen og forlét han der, seier eit vitne på staden.

På videoen ser ein tydeleg at mannen med blodige hender held ein machete, og noko som liknar ein slaktekniv.

Politiet skaut gjerningsmennene

Offeret, som skal ha vore soldat, døydde av det brutale angrepet. Han blei liggande midt i vegen, og gjerningsmennene blei på staden heilt til politiet kom.

Gjerningsmenn lagt i bakken i London

SKOTNE: Her har dei to gjerningsmennene blitt skotne av politiet.

Foto: iTV News

Då væpna politi kom til staden om lag 20 minutt etterpå, skal gjerningsmennene ha gått til angrep, så politiet skaut begge to framfor sjokkerte vitne.

– Dette er terrorisme

Det blei funne store mengder våpen på staden. Saka blir etterforska som eit islamistisk terroristangrep, ifølgje politikjelder til fleire medium.

Ifølgje statsminister David Cameron er det også mykje som tyder på at dette er terrorisme.

– Det er ei motbydeleg handling. Politiet leitar no etter årsaka for kva som har skjedd, men det er sterke indikasjonar på at dette er terrorisme, seier Cameron.

Dei to gjerningsmennene blei frakta til kvar sitt sjukehus etter å ha blitt skotne av politiet. Væpna politi overvakar dei på sjukehuset.

SISTE NYTT

Siste nytt