Hopp til innhold

Dette er dei sakna på «Berserk»

To nordmenn og ein sørafrikanar var om bord på seglbåten «Berserk» før den sende ut naudsignal og forsvann sporlaust i Sørishavet.

Berserk

Dette biletet skal vera blant dei siste som er tekne av seglbåten Berserk. Her er tre av mannskapet på fem ute på dekk, i møte med eit newzealandsk marinefartøy søndag.

Foto: New Zealand Defence Force / HMNZS Wellington / Scanpix

Det var i alt fem personar om bord på den norske kjendis-båten «Berserk» då den tok fatt på siste etappen av Sørpolen-ekspedisjonen tidleg i januar.

Medan kaptein Jarle Andhøy og Samuel Massie (18) har gått i land ved Sørpolen og er i god behald, er dei tre andre som blei att på båten sakna. To av dei er norske, medan den tredje er ein sørafrikanar.

Naudpeilaren blei utløyst tysdag 22.februar, rundt klokka 05.20 norsk tid.

Tom Gisle Bellika (36)

Tom Gisle Bellika

Tom Gisle Bellika var truleg den som tok over roret då kaptein Jarle Andhøy gjekk i land i Antarktis.

Foto: PRIVAT

Bellika var truleg den som tok over kommandoen på «Berserk» då kaptein Jarle Andhøy gjekk i land i Antarktis for å ta fatt på den siste strekninga mot Sørpolen.

Bellika (36) kjem frå Alta, men er oppvaksen i Oslo. Han er med på sin andre tur under kaptein Andhøy. I 2007 var han også del av mannskapet under NRK-innspelinga av «Berserk gjennom Nordvestpassasjen».

– Tom Gisle er ein solid fyr som har vore ute ei vinternatt før. Er det nokon som kan takla det her, så er det han, seier Rune Ohlsgaard, som er ein god ven av Bellika.

Robert Skaanes (34)

34-åringen Robert Skaanes er ein av dei som blei igjen på «Berserk», og som no er sakna. Skaanes, som er busett i Trondheim, er ein ungdomskamerat av kaptein Andhøy.

Han jobbar som stilasarbeidar på plattform i Nordsjøen, og er utdanna dykkar frå den norske marinen.

Skaanes er ifølgje vener ein garva friluftsmann som likar å leva på kanten og som har flust med erfaring frå ekstreme omgjevnader.

Leonard J. Banks (32)

Tredjemann som er sakna skal vera sørafrikanske Leonard J. Banks. 32- åringen frå Cape Town mønstra på i Indonesia og blei med på ekspedisjonen til Sørpolen med dei fire nordmennene.

Banks skal vera ein dyktig seilar, og var ifølgje VG på jordomseiling då han kom i kontakt med mannskapet om bord på «Berserk».

Dei to som natt til torsdag ringde Hovudredningssentralen i Bodø, og fortalde at dei er i god behald, var kaptein Jarle Andhøy og 18-åringen Samuel Massie frå Bergen.

Jarle Andhøy (33)

Jarle Andhøy

I GOD BEHALD: Kaptein Jarle Andhøy.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Den som står i spissen for ekspedisjonen er ekstremsiglaren, eventyraren og TV-kjendisen Jarle Andhøy.

Den fargerike 33-åringen frå Larvik er kjend frå NRK-seriane «Berserk gjennom Nordvestpassasjen» (2008) og «Sjøsprøyt» (2010).

Berre 19 år gamal sigla Andhøy åleine rundt Kapp Horn med «Berserk». Han har fleire grensesprengande ekspedisjonar i Antarktis og Nordishavet på merittlista.

Han blir av vener skildra som ekstremt erfaren og som den fødde kaptein.

Jarle Andhøy skriv på bloggen sin at føremålet med den pågåande ekspedisjonen var «å gjenerobra Sørpolen hundre år etter Roald Amundsen»

Samuel Massie (18)

Samuel Massie

I GOD BEHALD: Samuel Massie (18).

Foto: Widescreen/NRK

Den yngste av mannskapet er 18-åringen Samuel Uldvolden Massie frå Bergen.

Massie blei kjend etter å ha vore med i NRK-serien Sjøsprøyt i fjor, der ti ungdommar skulle lera seg å sigla med Andhøy som læremeister.

I løpet av serien imponerte ungguten stort, og fekk tilbod av sjefen sjølv om å bli med på Sørpolen-seilas. Det takka han ja til.

– Eg har sett deg utvikla deg veldig. Du har godt humør og mykje energi når det røyner på som verst. Det er eigenskapar eg treng å ha med meg på Berserk, sa Andhøy då han rekrutterte Massie til ekspedisjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt