Hopp til innhold

Dette er dei farlegaste byane i Europa

Det internasjonale konsulentselskapet Mercer har kåra dei 17 farlegaste byane i Europa å bu i. Personleg tryggleik er hovudfokus for kåringa.

Demonstrasjoner i Kiev

Den ukrainske hovudstaden Kiev har opplevd mange valdelege demonstrasjonar dei siste åra.

Foto: GENYA SAVILOV / Afp

Det er Business Insider som skriv at Mercer har vurdert byane ut frå korleis det vil vere for tilsette i internasjonale selskap å busetje seg der. Personleg tryggleik er viktigaste kriterium. Selskapet har vurdert den personlege tryggleiken ut frå omsyn til forholdet til andre land, intern stabilitet, kriminalitet og politiet.

Fleire av dei mest kjende og populære storbyane i Europa får ein overraskande plassering på lista over dei 17 mest utrygge. I desse byane er det først og fremst faren for terroraksjonar som gjer at dei hamnar på lista over dei minst trygge.

Demonstrasjon i Beograd i januar 2016.

Beograd: Frå ein demonstrasjon mot regjeringa i januar 2016.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Her er lista over dei 17 minst trygge storbyane i Europa utanom Russland:

1. Kiev (Ukraina): Kiev toppar lista over dei farlegaste byane i Europa fordi det er mykje sosial og politisk uro i byen og fordi Ukrainas forhold til Russland er svært spent. Det er også stor sjanse for å oppleve tjuveri, vandalisme og valdelege protestar i byen. Fleire menneske er drepne og fleire hundre er såra i slike protestar, skriv Mercer i si grunngjeving.

2. Beograd (Serbia): Det er ikkje så mykje valdskriminalitet i den serbiske hovudstaden, men byen hamnar høgt oppe på denne lista på grunn av omfattande korrupsjon, demonstrasjonar, pluss tjuveri og vandalisme.

3: Aten (Hellas): Den greske hovudstaden er prega av uro rundt upopulære innstrammingstiltak, fattigdom og kriminalitet. Den vanskelege økonomiske situasjonen har ført til valdelege demonstrasjonar, og fleire hundre tusen migrantar, som har kome til byen på veg til Vest-Europa, har også gjort tryggingssituasjonen i byen dårlegare, heiter det i grunngjevinga.

Afghanske asylsøkere i Aten

Tilstrøyminga av flyktningar og migrantar til Hellas og Aten er ei viktig årsak til at den greske hovudstaden har kome med på lista.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

4: Sofia (Bulgaria): Det er først og fremst ei stadig aukande sosial uro som har ført Sofia så høgt på lista. Bulgaria er det fattigaste landet i EU, og det har vore store og vedvarande demonstrasjonar mot regjeringa på grunn av kutt i pensjonar og andre velferdsgode. Demonstrasjonane skuldar også styresmaktene for omfattande korrupsjon.

På vei til Østerrike

Flyktning til fots i Budapest med bilete av Angela Merkel rundt halsen.

Foto: FERENC ISZA / Afp

5: Budapest (Ungarn): Flyktningkrisa i Europa har ført til ein massiv auke i sosial uro i den ungarske hovudstaden. Det har vore store gatedemonstrasjonar mot migrantar, og det har vore kaotiske tilstandar på jernbanestasjonane i byen på grunn av dei mange som prøver å reise gjennom Ungarn for å nå Tyskland eller andre land i Vest-Europa.

6: Madrid (Spania): Innstrammingstiltak og høg arbeidsløyse ha ført til omfattande sosial uro, spesielt blant ungdom.

7: Roma (Italia): Den italienske hovudstaden har hamna på lista på grunn av stor fare for terrorangrep frå IS og andre ytterleggåande islamistiske grupperingar.

7: Riga (Latvia): Det har vore store demonstrasjonar mot innvandrarar og flyktningar i Riga. I tillegg er det omfattande organisert kriminalitet i byen, blant anna syndikat som organiserer prostitusjon.

9: Zagreb (Kroatia): Det er først og fremst omfattande korrupsjon som gjer at den kroatiske hovudstaden hamnar så høgt på lista.

Familier kastet på gata i Bucuresti

Fattigdom i Bucuresti. Romfamiliar er kasta ut av husa sine og må bu på gata.

Foto: Alina Dumitriu

10: Bucuresti (Romania): Det er lite valdsbruk og organisert kriminalitet her, men byen har kome på lista på grunn av omfattande korrupsjon og mykje småkriminalitet.

11: London (Storbritannia): Terrorfare og stadig meir sosial uro gjer at London hamnar på lista.

12: Paris (Frankrike): Det er først og fremst terrorangrepa, sist i november i fjor, som har gjort at byen har hamna på lista over dei farlegaste i Europa.

13: Warszawa (Polen): Det er lite kriminalitet i den polske hovudstaden, men det er mykje sosial uro med store demonstrasjonar i byen.

13: Tallinn (Estland): Det er lite valdskriminalitet i byen, men hamnar på lista på grunn av omfattande menneskehandel organisert av kriminelle syndikat.

Uro i Belfast.

Ustabil sosial situasjon og mykje fattigdom pregar Belfast, meiner Mercer.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

15: Belfast (Nord-Irland): Lite valdskriminalitet samanlikna med andre nord-irske byar, men det mange fattige i byen, noko som truar den sosiale stabiliteten og gir mykje småkriminalitet.

15: Barcelona (Spania): Det er mykje lommetjuveri i byen, og det har også vore ein stor auke i tjuveri frå leigebilar.

17: Milano (Italia): Den økonomiske hovudstaden i Italia har hamna på lista etter at FBI varsla at bygningar som St. Peter-basilikaen, Il Duomo (domkyrkja) og La Scala-operaen var terrormål.

SISTE NYTT

Siste nytt