Hopp til innhold

Derfor styrkar NRK Urix i 2016

Verda kjem tettare på. Derfor utvida vi korrespondentnettet i 2015. Og derfor utvidar vi Urix i 2016.

Urix utvider for å gi mer bakgrunn

Urix styrkes på radio, tv og nett fordi det som skjer ute i verden påvirker oss her hjemme.

Foto: Fotomontasje / NRK

Shia mot sunni i Midtausten, nye flyktningar eller amerikansk presidentval? Kven tør spå kva som blir dei viktigaste hendingane i 2016?

Ved inngangen til 2014 forutsåg dei færraste utviklinga i Ukraina og storoffensiven til IS i Irak. Ved inngangen til 2015 var det få som såg krafta i flyktnings- og migrantstraumen til Europa.

Slik blir Urix-universet i 2016

Det som er sikkert er at det som skjer "der ute" blir stadig viktigare for det som skjer "her heime". Utenriksstoffet får større plass i nyhetsflatene. Og spesialflater for bakgrunn og fordjuping blir viktigare – derfor utvidar vi Urix-universet:

Følg Urix på sosiale medier: Facebook og Twitter

Laster Twitter-innhold

Her er tre gode grunnar for endringane vi gjer:

1. Verda kjem tettare på

I 2015 kom verda til Norge, bokstaveleg tala. Krig, konflikt og folks ønske om eit betre liv gav ei tilstrøyming av asylsøkarar som prega Norge. Ei sympatibølge på seinsommeren fekk direkte innverknad på kommunevalet, så svinga pendelen og hausten gav ei kraftig innstramming av innvandringspolitikken.

NRKs journalistar har i 2015 vore i Syria, i nabolanda, og i alle land langs flyktningrutene frå Tyrkia og nordover i Europa. Men vi var også i Somaliland og Eritrea for å finne ut kvifor folk derifrå la i veg. Bildet vi får er samansett, derfor vil NRK gi meir plass til bakgrunnsstoffet.

Nyttårsfeiring 2016 ved Triumfbuen i Paris

Parisere feirer overgangen til 2016 ved triumfbuen

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

2. Nytt utenriksår – på godt og vondt

Utenriksåret 2015 starta og enda i Paris – med terroren mot Charlie Hebdo i januar og klimaavtalen i desember. Undervegs var det flyktningkrise, Ukraina-krig og jordskjelvkatastrofe i Nepal, men også atomavtale med Iran, historisk val i Myanmar og tøvær mellom USA og Cuba. I november drap IS-ekstremistane fire hundre menneske i tre land på to veker: Bomber i Beirut, flybombe over Sinai, og Paris – igjen.

No står 2016 for døra. På godt og vondt. Lite tyder at flyktningstraumen avtar. Skjønt; det skal haldast fredssamtaler om Syria allereie i vinter. Vi kan i år få ein fredsavtale for Colombia og det skal altså velgast ny president i USA. I nyttårshelga har shia stått mot sunni, Iran mot Saudi Arabia i Midtausten. Samtidig vil nye konflikter oppstå. Og kva med Ukraina?

Det nye året vil vise om verdas land klarer å følge opp klima-avtalen frå Paris. Vil Storbritannia halde folkeavstemming om sitt forhold til EU? Terror vil råke igjen, i 2015 kom den så nær som København. Også i Norge kjente mange på frykten. Det som skjer ute påverkar oss her heime.

IS-krigere i Raqqa i Syria

IS-krigere marsjerer i den syriske byen Raqqa.

Foto: Uncredited / Ap

3. Meir bakgrunn, meir Urix

I ei verd med informasjonsoverskot er det viktig for NRK å vere til stade der det skjer. For å dokumentere, sortere i informasjonen og skille fakta frå fiksjon. På nettet og i sosiale medier florerer bilda og historiene. Meir eller mindre veldokumentert. Kva er ekte? I 2015 har NRKs journalistar besøkt godt over halvparten av verdas land. For å bringe våre eigne historier heim til eit norsk publikum.

NRK må ha folk i felt, derfor utvida vi korrespondentnettet i 2015. No ønskjer vi å gi meir bakgrunn og fordjuping – derfor styrkar vi Urix på alle plattformer i det nye året.

SISTE NYTT

Siste nytt