Hopp til innhold

Burundiske kuppleiarar har overgitt seg

Leiarane for kuppforsøket i Burundi har overgitt seg. – Håper dei ikkje kjem til å drepe oss, seier kuppleiar.

Burundi Political Tensions

Ein mann hopper over ein barrikade som er sett opp av demonstrantar som vil beskytte seg sjølve mot politiet i Burundi. No seier ein av leiarane bak kuppforsøket i landet at det var eit mislukka forsøk.

Foto: Erik Esbjornsson / Ap

– Me har bestemt oss for å overgi oss, seier general Godefroid Niyombare, som har vore fremste leiar for kuppforsøket til nyheitsbyrået AFP.

– Eg håper dei ikkje kjem til å drepe oss, legg Nioymbare til, og viser til dei delane av militæret som er lojale til presidenten.

Det var aller først general Cyrille Ndayirukiye som sa til AFP at kuppmakarane ikkje klarte å overvinne dei delane av militæret som støtter president Pierre Nkurunziza.

– Personleg så innser eg at vår kupprørsle har feila, seier Ndayirukiye.

No har resten av leiarane bak kupper innsett nederlaget og gitt seg.

Presidenten seier han er i Burundi

Det var general Godefrois Nioymbare som var den øvste leiaren for kuppet. Han sa på tysdag at kuppet var gjennomført og presidenten var avsett, men det har sidan vore stille. President Nkurunziza har derimot gjort det klart at han ser på kuppforsøket som mislukka.

BURUNDI-POLITICS/ Police officers stand at a check point in Bujumbura

Gatene i Burundi var stort sett tomme i går, dagen etter at eit kuppforsøk fann stad i landet. Burundi har vore prega av valdelege demonstrasjonar i fleire veker.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

På Twitter skriv han at han er tilbake i Burundi, etter å ha vore på eit regionalt toppmøte i Tanzania då kuppforsøket skjedde. Førebels er det ikkje stadfesta frå andre kjelder at presidenten er tilbake i heimlandet.

Laster Twitter-innhold

Det var på onsdag general Nioymbare melde på direktesendt radio at presidenten var avsett. Det heile førte til stor jubel i gatene i Burundis hovudstad Bujumbura, men det førte også til skyting og kampar mellom to ulike fraksjonar av militæret.

Vil ikkje kjempe til siste slutt

Torsdag haldt kampane fram, og det har særleg vore harde kampar rundt lokala til landets kringkastar og andre radiostasjonar. I går var gatene i Bujumbura tomme og dei fleste haldt seg heime i frykt for ei valdeleg eskalering.

General Ndayirukiye seier at kuppmakarane ikkje har planar om å kjempe til siste slutt, og kjelder i politiet seier at nokre av kuppmakarane er arresterte, medan andre har flykta.

President Nkurunziza har tidlegare gjort det klart at kuppmakarane kjem til å bli stilte til ansvar i retten for sitt forsøk på å destabilisere Burundi.

BURUNDI-POLITICS/ Protesters gesture in front of a burning barricade in Bujumbura

Motstandarar av president Nkurunziza har protestert i fleire veker mot at presidenten vil stille til val for ein tredje periode.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Det herskar framleis full forvirring i Burundi. Dei fleste radiokanalar har blitt stengde det siste døgnet, og informasjonen som kjem er vanskeleg å verifisere.

Presidenten vil sitte lengre

Det har vore frykt for at kuppforsøket kan føre til ei valdeleg eskalering i eit land som kom ut av ein borgarkrig for berre ni år sidan. Det har lenge vore hutuar mot tutsiar, og over 300.000 menneske er drepne i krigen som herja Burundi i fleire tiår.

Bakgrunnen for kuppforsøket var president Nkurunziza si avgjerd om å stille til val i juni. Ifølgje landets grunnlov og ein fredsavtale som er inngått kan ein president berre sitte i to periodar.

SISTE NYTT

Siste nytt