Hopp til innhold

Belgia vil rydde opp i «Jihad-bydelen»

Spora til tre brør involvert i Paris-terroren leder til ein forstad i Belgia, som blir kalla Europas «Jihad-hovudstad»

Fouad Belkacem

Islamisten Fouad Belkacem (til venstre), var basert i Molenbeek. I februar vart han dømd til 12 år fengsel for å ha rekruttert personar til å kjempe i Syria.

Foto: NICOLAS MAETERLINCK / Afp

Ifølgje nyheitsbyrået AFP, var tre brør frå Molenbeek direkte eller indirekte involverte i terrorangrepa i Paris i helga.

Ein av dei skal framleis vere på frifot.

I dag vart sju personar arresterte etter ein stor politiaksjon i bydelen. Blant dei arresterte skal vere faren og ein av brørne til den etterlyste mannen.

Etterlyst

26 år gamle Abdeslam Salah er etterlyst av fransk politi. Han skal vere frå Molenbeek, og ein av tre brør som er involvert i Paris-terroren. Politiet seier han er svært farleg.

Foto: Fransk politi / AFP

– «Jihad-hovudstaden» i Europa

Fleire franske aviser kallar Molenbeek for Europas «Jihad-hovudstad.»

Molenbeek er ein forstad til Brussel, knappe seks kilometer frå det store EU-hovudkvarteret.

I eit intervju med fjernsynskanalen VRT, seier den belgiske statsministeren at han fryktar kommunen har mista kontroll over situasjonen.

– Eg noterer meg at det kvar gong er ein link til Molenbeek. Det er eit enormt problem, i tillegg til førebygging må vi også fokusere på å slå ned på problema, sa statsminister Charles Michel til TV-kanalen.

Arrestasjon - Molenbeek

Ein person blir arrestert i Molenbeek i samband med terrorangrepa i Paris. Til saman vart sju arrestert. Blant dei bror og faren til ein av angriparane i Paris.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Eit senter for rekruttering av Syria-krigarar

Leiaren for den islamistiske organisasjonen «Sharia4Belgium», Fouad Belkacem, hadde hovudkvarteret sitt i Molenbeek.

Organisasjonen hadde som ambisjon å gjere Belgia til ein islamsk stat.

I februar vart Belkacem dømd til 12 år fengsel for å ha rekruttert personar til å kjempe for islamistrørsler i Syria.

– Belkacem førebudde unge menneske psykologisk og fysisk på væpna kamp, sa dommar Luc Potargent i samband med dommen.

46 andre var også tiltalte i saka og fekk mindre dommar.

I følge dommen forsynte «Sharia4Belgium» rekruttar til al-Qaidas al-Nusra front i Syria, og til ei rekke organisasjonar som seinare har slutta seg til IS.

Belgium Terror Trial

Michael 'Younes' Delefortrie, var ein av dei 46 tiltalte i rettssaka mot Sharia4Belgium. Det var den største terror-rettssaka i Belgia nokonsinne.

Foto: Virginia Mayo / Ap
BELGIUM-FRANCE-ATTACKS

Molenbeek er ein multikulturell forstad utanfor Brussel. Den har også blitt base for radikaliserte muslimar.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Minister lovar å rydde opp

– Eg skal rydde opp i Molenbeek. Vi kan ikkje akseptere dette lenger, sa den belgiske innanriksministeren, Jan Jambon, til TV-kanalen VTM News

Innanriksminister Jambon kritiserte i dag lokale styremakter i Molenbeek for ikkje å ta tak i problema med radikaliserte muslimar.

Han viste til at Antwerpen og Vilvorde, som hamna i fokus etter angrepa på redaksjonslokala til Charlie Hebdo i januar, har gjort framskritt.

Innanriksminister Jan Jambon

Den belgiske innanriksministeren vil rydde opp i forstaden Molenbeek, etter at sju personar vart arresterte i samband med terrorangrepa i Paris. Her frå eit EU-møte i oktober.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Flest Syria-krigarar i Europa

Belgia skal vere det landet med flest Syria-krigarar per innbyggar i Europa. Minst 500 har reist frå Belgia for å kjempe for IS i Syria.

Om lag 6 % av innbyggarane i Belgia er muslimar. Mange av dei bur i isolerte samfunn i forstadar rundt dei store byane.

– Den belgiske regjeringa har eigentleg aldri klart å integrere dei muslimske miljøa, skreiv bloggaren Pieter van Ostaeyen i 2013.

Før dreiv dei med småkriminalitet, no har dei funne salafismen.

Salma - niqab-debatt i Belgia

22 år gamle Salma konverterte til Islam, og vart ein profilert person under debatten om ein skulle forby Niqab i Belgia. Den vart forboden i 2011.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

BELGIUM-POLICE-RELIGION-ISLAM-UNREST-DEMO

Kvinner demonstrerer i Molenbeek, etter at ei kvinne vart arrestert for å gå med dekka over andlet. Politiet er over alt, men rettvise er ingen stad, står det å lese på plakaten.

Foto: NICOLAS MAETERLINCK / Afp

Nikab-strid i Molenbeek

Mangelen på integrering har også ført til fleire konflikter med kommunen. Det toppa seg i 2011 då det vart forbode dekke til andletet.

I 2012 vart ei kvinne arrestert for å dekke til andletet med Niqab.

Arrestasjonen førte til demonstrasjonar og opptøyar i Molenbeek.

SISTE NYTT

Siste nytt