Hopp til innhold

– Alle samfunnstoppar er avlytta

Over 20.000 menneske er overvaka, hevdar opposisjonen. Det er mykje i Makedonia, eit land med 2 millionar innbyggarar.

MACEDONIA-WIRETAPPING/ Journalists collect transcripts of illegal wire-tapped recordings after a news conference held by opposition leader Zoran Zaev in Skopje

Avlytta journalistar får sjå mappene sine.

Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / Reuters

MACEDONIA-RELIGIONS-BAPTISAM

Også prestar med politiske bindingar og verv har blitt overvaka. Her frå ein dåpsseremoni i elva Matka.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / AFP

Det byrja med at statsministeren braut inn i sendinga på TV:

Nikola Gruevski kunngjorde han hadde avverja eit statskupp, og det var opposisjonen som stod bak.

Opposisjonsleiar Zoran Zaev hadde fått tak i ei mengde sensitive lydopptak som han prøvde å bruke til å presse regjeringa til å gå av. Dokumenta hadde han fått frå ei utanlandsk etterretningsteneste.

Macedonia Kitsch Capital

Winston Churchill tronar på taket av det nybygde utanriksdepartementet. Pengebruken på statuer som dette er omstridt.

Foto: Darko Vojinovic / Ap

I fjernsynstalen fortalde Gruevski han hadde arrestert «kuppmakarane». Berre Zaev fekk gå fri, men han fekk reiseforbod og inndrege pass i påvente ei muleg rettssak.

«Alle» blir overvaka

Zaev svarte med å offentleggjere den «politiske bomba» si. Han avslørte at over 20 000 samfunnstoppar har blitt avlytta av regjeringa. Det vil seie kvar einaste leiar innan politikk, økonomi, kyrkje og domstolar.

Det er i praksis alle samfunnstoppar i dette eksjugoslaviske landet med to millionar innbyggarar. Prestar, statsadvokatar, direktørar og journalistar.

Skandalane kjem på rekke og rad

Statsministeren avlytta også sine eigne regjeringsmedlem. Makedoniaekspert Harald Schenker seier det er heilt unikt, sjølv på Balkan.

Gruevski og Zaev

Statsminister Gruevski (til venstre) og opposisjonsleiar Zoran Zaev er i tottane på kvarandre etter at Zaev delte ut hefter med pinlege avsløringar.

– I eit lydopptak kalla finansministeren den økonomiske politikken til regjeringa galskap, og dette visste Gruevski, fortel Schenker til NRK.

Statsministeren har fått mykje kritikk for uvettig pengebruk.

Makedonia val

Ei kone avlegg stemme i ein makedonsk fjellandsby. No er det avslørt organisert valjuks i visse valkretsar.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Kvar dag kjem det nye pinlege avsløringar. Mellom anna skal innanriksministeren ha organisert valjuks under førre val. Ho sende fulle bussar med falske veljarar for å "stappe" valurnene.

Regjeringa vil ikkje bli felt

Det finst ingen politiske alternativ, så regjeringa blir sittande uansett kor mange skandalar som kjem fortel Schenker.

– Sosialdemokratane er om mogleg enda meir diskreditert enn regjeringa, dei vil ikkje klare å mobilisere veljarane, fortel Schenker til NRK.

Landet Europa gløymde

Makedonia

Faksimile frå makedonsk avis da landet fekk kandidatstatus i 2005.

Foto: Vest

Makedonia har vore EU-kandidat sidan 2005, men får ikkje bli medlem på grunn av ein namnetvist med Makedonia.

Korrupsjon gjer samtidig at Makedonia ikkje klarer å oppfylle krava til EU-medlemskap. Pressen har til dømes aldri vore særleg uavhengig, men avsløringane viser at dei hemmelege tenestene legg tunge føringar på redaktørkorpset.

Skopje

SISTE NYTT

Siste nytt