Hopp til innhold

Angrep mot egyptisk luksushotell

Tre turistar, deriblant ein svenske, er skadde etter eit angrep på eit luksushotell i Hurghada i Egypt. Det bur ni norske turistar ved hotellet, opplyser Apollo. Angrepet skal no vere over.

Turisthotellet Bella Vista i den egyptiske feriebyen Hurghada ble angrepet av tre væpnede menn fredag kveld.

Tryggingsstyrker er på plass utanfor hotellet Bella Vista der to menn gjekk til angrep. Ni nordmenn er på besøk på hotellet.

Det kjem mange motstrtidande meldingar om kva som eigentleg skjedde då fleire angriparar gjekk til angrep på eit hotell i Hurghada.

Angrepet skal vere over

Nyheitsbyrået AFP seier at egyptisk politi seier at det er tre turistar som er lettare skadde etter at to menn gjekk til angrep med knivar. Dei skal også ha hatt med seg ein pistolliknande gjenstand. Tidlegare er det meldt om at det var tre menn som var utstyrte med skytevåpen.

Nasjonalitetane til dei skadde varierer også. AFP opplyser at det er to austerrikarar og ein svenske som er skadd. Egyptiske helsestyresmakter stadfestar til Ahram Online at ein av dei skadde er svensk. Al Jazeera opplyser at det er to skadde, to kvinner frå Tyskland og Danmark.

Fleire nyheitsbyrå melder at ein av dei to angriparane er drepen og den andre er alvorleg skadd. Tidlegare vart det meldt at begge var døde.

Angriparane skal ha kome til hotellet med båt frå sjøen, opplyser Reuters. Alt tyder på at angrepet no er over, og at minst tre personar er lettare skadd.

Apollo: – Ni nordmenn på hotellet

Ein av angriparane skal også ha hatt på seg eit bombebelte, melder Al Arabiya sin journalist i Hurghada.

Al Jazeera opplyser at dei to skadde er kvinner frå Tyskland og Danmark. Også Reuters melder at to utanlandske turistar er skadde.

Ifølgje svenske Expressen, som siterer Ahram Online, skal to svenskar ha blitt knivstukne under angrepet. Apollo seier til Expressen at dei ikkje kan stadfeste desse opplysingane.

Det er hotellet Bella Vista som er angripe. Den skandinaviske ferieoperatøren Apollo er blant dei som tilbyr reiser til hotellet.

Snorkling, dykking

Feriebyen Hurghada har lenge blitt sett på som eit ferieparadis, men no føyer byen seg inn i rekka av feriestader i Egypt som har blitt angripe av terroristar.

Foto: Lier, Gunnar / NTB scanpix

Apollo opplyser til NRK at det bur nitti nordiske turistar ved hotellet, og ni av desse er norske.

– Det einaste me veit er at det er ni nordmenn på hotellet. Me prøver hardt å få tak i dei for å finne ut om dei har det bra, seier Beatriz Rivera i Apollo til NRK.

Rivera fortel vidare at siste fly for turistsesongen reiste frå Noreg den 5. januar, og at det er for tidleg å seie om Apollo kjem til å starte opp att sine reiser til Hurghada når sesongen tek til att seinare i år.

Også Star Tour tilbyr reiser til Hurghada, men skal ikkje ha gjester buande ved Bella Vista.

Hilde Steinfeld i Utanriksdepartementet seier til NRK at dei førebels har knapt med informasjon, men at dei jobbar med å få oversikt over nordmenn i området, og om dei er skadde i angrepet.

Fleire terrorangrep mot Egypt

Seinast i går vart ein buss med turistar på veg til pyramidane i Giza angripe av væpna menn.

Egypt har dei siste åra opplevd fleire terrorangrep og politisk uro, noko som har gått ut over landet turistindustri, som også har vore mål for angrep tidlegare.

Etter at terrorgruppa IS planta ei bombe på eit russisk fly som eksploderte over Egypt har både russiske og britiske fly slutta å reise til Egypt.

Hurghada

SISTE NYTT

Siste nytt