Hopp til innhold

Beltet til kapraren inneheldt ikkje sprengstoff

Kaprar-dramaet på Larnaka-flyplassen på Kypros er over. Alle gislane er sette fri og kapraren er arrestert. Kypriotiske styresmakter seier at mannen er mentalt ustabil, og at beltet han hadde rundt livet ikkje inneheldt sprengstoff.

Mannen som trolig var personen som kapret Egypt Air-flyet gikk rolig ned.

VIDEO: Det som truleg er kapraren forlèt flyet som sistemann.

Kapraren gjekk ut av flyet rundt klokka 13.45 norsk tid. Han skal ha kravd politisk asyl på Kypros og å få møte eks-kona, som bur på Kypros. Samstundes sette han også fram krav som kunne vere politiske.

Det var sju gislar igjen på flyet i siste fase av dramaet. Tre av dei var passasjerar, sa den egyptiske luftfartsministeren, Sherif Fathy, på ein pressekonferanse i Kairo. Dei fire andre var kapteinen, styrmannen, ein kvinneleg besetningsmedlem og ein tryggingsoffiser.

Kypriotisk fjernsyn viste litt før klokka 13.30 bilete som viser ein person som klatra ut gjennom vindauget i cockpiten på flyet. Kort tid etter gjekk resten av gislane ut av flyet.

Ved 15.15-tida norsk tid vart det klart at det beltet mannen hadde rundt livet, og som kunne likne på eit bombebelte, ikkje inneheldt sprengstoff.

En person klatrer ut av det kaprede Egypt Air-flyet

VIDEO: Klatrar ut frå cockpiten på kapra fly

Kapraren med det som kan vere eit bombebelte.

Dette biletet av kapraren skal vere teke av ein av passasjerane på det kapra Egypt Air-flyet.

Foto: Twitter

Det vart klart etter at egyptiske styresmakter først sa at dei ikkje var sikre på om det var sprengstoff om bord, men at dei såg på situasjonen som ein trussel.

– Vi arbeider ut frå at han har eit bombebelte på seg, vart det opplyst.

Laster Twitter-innhold

Kvinnelege fangar

Den egyptiske statsministeren, Sherif Ismail, sa på ein pressekonferansen etter dramaet var over, at kapraren er egyptisk statsborgar. Han bad om å få møte tenestemenn frå EU. Han ville også til andre flyplassar.

Ismail la til at dei så snart som mogleg vil gjennomføre avhøyr av mannen, slik at dei kan slå fast det eigentlege motivet hans for flykapringa.

Kypriotisk kringkasting har meldt at kapraren har sett fram krav om at kvinnelege fangar i egyptiske fengsel skal setjast fri. Dermed er det forvirring om han likevel hadde politiske motiv for kapringa.

Ein talsmann for kypriotisk UD seier at det verkar som om kapraren er ustabil.

Det var ved 8-tida lokal tid at ein Airbus 320 frå Egypt Air vart kapra på veg frå hamnebyen Alexandria til hovudstaden Kairo. Kapraren kravde at flyet skulle gå til Larnaka på Kypros. Flyet landa der rundt ein halvtime seinare.

Flykaprardrama over på Kypros.

Dei siste passasjerane på veg inn på flyplassterminalen.

Foto: YIANNIS KOURTOGLOU / Reuters

Presidenten på Kypros, Nikos Anastasiades, seier at flykapringa ikkje er relatert til terror. Ifølgje The Guardian sa presidenten at kapraren er ein «kjærleikssjuk Romeo».

Kapraren hadde noko som kunne vere sprengstoff festa til kroppen, og han trua med å detonere sprengstoffet. Det er enno ikkje slått fast om bombebeltet var falskt eller reelt.

Krev politisk asyl

Ifølgje Al Arabiya har kapraren sagt at han krev politisk asyl på Kypros. Dei siterer også kypriotiske kjelder på at det ikkje er sprengstoff om bord i flyet. Det vart tidlegare meldt at kapraren var professor ved Universitetet i Alexandria, men dette viste seg ikkje å vere rett.

Flykapring Egypt Air.

Passasjerar på veg inn i terminalen etter å blitt sett fri frå det kapra flyet på flyplassen i Larnaka.

Foto: GEORGE MICHAEL / Afp
Kapring av egyptisk fly

Det egyptiske passasjerflyet står i utkanten av flyplassen i Larnaka på Kypros.

Foto: YIANNIS KOURTOGLOU / Reuters

Kapraren har levert eit brev som han krev skal bli gitt til eks-kona, som er busett på Kypros. Dette kan tyde på at det var personlege motiv, og ikkje politiske, bak flykapringa. Det har kome meldingar om at eks-kona kom til flyplassen, men dette er ikkje stadfesta.

Det egyptiske utanriksdepartementet avviser no at dei i ei Twitter-melding har sagt at terroristen er ein idiot, slik det gjekk fram av meldinga under.

Laster Twitter-innhold
 : Tone Therese Paulsen fra flyplassen på Kypros

Intervju med norsk kvinne på flyplassen.

Nordmann i kaprerdrama: Vi får ikke vite noe

Motstridande meldingar

Det var lenge motstridande meldingar om kor mange utlendingar som var om bord. No seier egyptiske styresmakter at det var 21 utlendingar. Blant dei var åtte frå USA, fire frå Nederland, fire frå Storbritannia og ein frå Frankrike.

Egyptiske styresmakter stadfestar at kapraren er egyptisk statsborgar.

Det er snakk om eit fly av typen Airbus 320, som no er parkert på den austlege delen av flyplassen, eit godt stykke unna rullebanen. Dette er standard prosedyre i krisesituasjonar.

Det vart først meldt at det var 81 menneske om bord i flyet, men så kom det melding om at det var 55 passasjerar og eit mannskap på sju om bord. Seinare har kjelder i det egyptiske luftfartsverket igjen sagt til AFP at det er 81 passasjerar om bord.

Flyet er parkert på flyplassen i Larnaca.

Det kapra flyet er no parkert i utkanten av flyplassen i Larnaka på Kypros, etter å ha blitt kapra i Egypt.

Foto: YIANNIS KOURTOGLOU / Reuters

Ville til Istanbul

Det egyptiske luftfartsdepartementet opplyser at kapraren reiste seg frå plass K38 på flyet like etter avgang frå Alexandria. Han sa at han hadde sprengstoff festa til kroppen, og han trua kapteinen til å endre kurs og flyge til Larnaka.

Ifølgje ein talsmann for egyptiske styresmakter kravde kapraren først at flyet skulle gå til Istanbul i Tyrkia, men han gjekk bort frå dette då kapteinen sa at flyet ikkje hadde nok drivstoff.

Flyet landa på Larnaka flyplass kl. 08.46.

All trafikk til og frå flyplassen i Larnaka er stansa som følgje av kapringa, og trafikken er omdirigert frå til flyplassen i Paphos. Kapringa har også ført til forseinkingar på internasjonale avgangar frå flyplassen i Kairo.

Luftfartsverket i Egypt har namngitt kapteinen på flyet som Omar al-Gammal. Han informerte dei om at han var trua av ein person med bombebelte til å lande på flyplassen i Larnaka.

Israel reagerte på kapringa med å sende opp jagarfly for å hindre at flyet eventuelt skulle prøve å kome inn i israelsk luftrom.

Egypt Air er ein del av Star Alliance, der også SAS er med.

Offisielt frå egyptiske styresmakter

Kapret fly flyplass i Larnaca

VIDEO: Det kapra flyet på flyplassen i Larnaka.

Kapra fly på flyplassen i Larnaka.
larnaka

SISTE NYTT

Siste nytt