Hopp til innhold

–Terroren trugar folkemengder og handlegater

Belgias statsminister seier at avgjerda om å heve trusselnivået til høgste nivå vart teke basert på nokså presis informasjon om risikoen for eit angrep liknande det vi såg i Paris.

FRANCE-SHOOTING/BELGIUM Belgian soldiers patrol in central Brussels after security was tightened in Belgium following the fatal attacks in Paris

HØGSTE TRUSSELNIVÅ: Eit av tiltaka som følger det auka trusselnivået er forsterka nærvære av politi og militærstyrkar i gatene.

Foto: YOUSSEF BOUDLAL / Reuters

Natt til laurdag vart trusselnivået heva frå 3 til 4, og er med det på det høgste i den belgiske hovudstaden. I resten av landet er trusselnivået framleis 3.

Ifølge ein kjelde nær etterforskinga skal fleire «nøkkelpersonar» ha blitt arrestert fredag kveld i Brussel-regionen, melder belgisk kringkasting, men denne arrestasjonen skal ikkje vere årsaken til at trusselnivået er heva.

Den belgiske statsadvokaten seier laurdag at fleire våpen funne i bustaden hans i den mykje omtala forstaden Molenbeek.

Rår folk til å halde seg unna folkemengder

Statsminister Charles Michel oppfordra under ein pressekonferanse laurdag føremiddag alle i Brussel om å vise varsemd så lenge trusselnivået er på dette nivået.

FRANCE-SHOOTING/BELGIUM Belgium's government addresses a news conference after security was tightened in Belgium following the fatal attacks in Paris

INFORMERTE OM TRUSSELSITUASJONEN: Belgias statsminister Charles Michel og innanriksminister Jan Jambon under pressekonferansen laurdag føremiddag.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Han seier at myndigheitene har sett inn fire tiltak; Unngå oppsamling av folk, stenging av metroen, fleire politi i gatene og eit telefonnummer folk kan ringe om dei ser noko av mistanke.

Michel har også kalla inn det nasjonale tryggingsrådet saman med ministrane frå Innanriks-, Utanriks-, Justis- og finansdepartementet, og ein jobbar vidare med etterforskinga der mange trådar frå angrepa i Paris leiar til Brussel.

Også lokalmyndigheitene i Brussel er ute og oppfordrar folk til å halde seg i ro.

– Eg ber innbyggarane i Brussel om å vise varsemd og vaktsemd. Men eg vil samstundes forsikre dei om at alt er under kontroll, sa Rudi Vervoort, leiaren av Brussels byregjering, som kl. 11 har kalla inn til eit tryggingsråd for å sikre koordinering, ifølge belgiske Le Soir.

Norsk ambassadør: Ingen advarsel mot reiser til Belgia foreløpig

UD rår norske statsborgarar til å følge råda frå belgiske myndigheiter og halde seg unna folkemengder.

Ingrid Schulerud står ute på gaten i Brussel

AMBASSADØR: Den norske ambassadøren Ingrid Schulerud ber nordmenn i Belgia halde seg orientert om situasjonen.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

– Vi er veldig opptatt av at dei nordmennene som er i Belgia, særlig i Brussel, følgjer med på lokale media og heimesida til ambassaden og orienterer seg om det som kjem av informasjon, seier Ingrid Schulerud, Noreg sin ambassadør i Belgia, til NRK.

Ho viser til UD sine landsider der dei har informert om det auka trusselnivået. Det er foreløpig ikkje snakk om nokon åtvaring mot resier til Belgia.

– Vi oppmodar folk til å følgje godt med og unngå store folkemengder, seier Schulerud.

I tillegg til at all metrotrafikk er stoppa opp, er fotballkampar avlyste og fleire konsertar og er avlyste. Fleire kjøpesenter melder laurdag morgon at dei stenger kl.12, ifølge belgisk kringkasting. Tog går ikkje til og frå stasjonen Bruxelles-Schuman.

Mykje som knyter Paris-terroren til Belgia

Fleire av gjerningsmennene bak terrorangrepet i Paris førre fredag er belgiske statsborgarar, og det kjem stadig meir informasjon om bakmennene, også av dei frå Belgia.

Belgium France Attacks

ETTERLYST: Salah Abdeslam overlevde angrepa i Paris fredag og er framleis på frifot. Han skal ha vere observert i Brussel.

Foto: Ap

Terroristen Salah Abdeslam som overlevde angrepa i Paris skal vere observert i Anderlecht og seinare ved togstasjonen Brussel Sør, skriv den belgiske avisa DH. Dette er stasjonen der dei internasjonale toga til dømes til og frå London og Paris går.

Både belgisk og fransk politi jaktar stadig det som kan vise seg å vere mange involverte i Paris-angrepet i tillegg til angriparane der alle med unntak av Abdeslam døydde i angrepet. Ein av desse, belgiske Ahmet Dahmani, vart pågripen i Tyrkia laurdag.

Saka vert oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt