Hopp til innhold

«Kongen av undergrunnen» vart avslørt av politi-infiltratør

Leiaren av dei sokalla «kloakkbarna» i Romania er arrestert etter omfattande spaning. No er undergrunnen stengd, og fleire hundre som tidlegare budde der er spreidd for alle vindar.

Romania Drug Trafficking

Kongeriket til Bruce Lee, eller Florin Hora, vart som han eigentleg heiter, vart raida og stengt etter langvarig spaning.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Samtale med "Bruce Lee"

Undergrunnsleiaren i samtale med NRK i fjor haust.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

NRK møtte i fjor mannen som gjorde seg sjølv til leiar og farsperson for dei mange foreldrelause borna som bur i undergrunnen ved jernbanestasjonen i Bucuresti.

Han kalla seg «Bruce Lee», pynta seg med sølvlakk og lær, og var ein mediesensasjon i Romania.

Han la då ikkje skjul på at han dreiv med narkotikasal og heleri, men forsvarte seg med at han ikkje hadde noko val.

– Det finst ikkje noko anna alternativ. Ingen gjev oss noko. Staten gjer ingenting for oss. Vi er ingenting for dei. Dei ser på oss som dyr. Dei dømmer oss, og foraktar oss. Dei seier vi er samfunnets avskum, dei gjer oss ingen moglegheiter.

SJÅ REPORTASJEN:

Bruce Lee opp

Arrestert av maskert politi

Alina Dumitriu

Sosialarbeidar Alina Dumitriu frå den nasjonale HIV-organisasjonen ARAS var til stades for å observere at politiaksjonen gjekk rett for seg.

Foto: Radu Ciorniciuc

I juli vart «Bruce Lee», som opphavleg heiter Florin Hora, arrestert saman med eit titals undersåttar, sikta for sal av narkotika.

APTOPIX Romania Drug Trafficking

Florin Hora er no bak lås og slå.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Politiet gjorde beslag av heroin, syntetisk narkotika og tjuvegods. Han og fem andre skal no vere sikta for organisert kriminalitet og sal av farlege substansar.

Nå er undergrunnen, som før husa over hundre menneske, stengd.

– Det står ein politipatrulje døgnet rundt og vaktar området der inngangane er, fortel Alina Dumitriu til NRK.

Sosialarbeidaren var til stades som observatør for organisasjonen ARAS under politiaksjonen, for å rapportere om eventuelle overgrep.

– Politiet infiltrerte undergrunnen

Sprøyte

Smittefaren er stor når ein tek syntetisk narkotika. Over 90 % i undergrunnen har hepatitt c og om lag halvparten har HIV fortel sosialarbeidarar til NRK.

Foto: Roger Sevrin BRuland / NRK

Ein politimann skal ha levd i undergrunnen i fleire månadar og kartlagt miljøet, fortel Dumitriu.

– Han sette sprøyter og sniffa lakk, og vann innpass hjå bebuarane i undergrunnen. Då politiet slo til, var han med som vegvisar. Han hadde finlandshette på, men bebuarane kjende han likevel igjen med ein gong, fortel Dumitriu.

– Slit med å dele ut sprøyter

Organisasjonen ARAS har ein sprøytebuss dei bruker for å nå ut til prostituerte og narkomane. No er brukarane spreidde for alle vindar, og Dumitriu fryktar at det vil kome ei ny bølge av HIV og hepatitt blant folk på gata i Bucuresti.

– HIV infeksjonane vil auke utover hausten, det er eg sikker på, fortel Dumitriu til NRK på telefon frå Bucuresti.

Kloakkbarna i Bucuresti

Ein bebuar i undergrunnen skodar opp. Over hundre menneske har blitt kasta ut, og politiet har stengt undergrunnen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Hovudsakleg var dette eit samfunn av narkomane som levde frå hand til munn, sjølv om det gjekk føre seg sal av narkotika, seier Dumitriu, som synest det er feil å skulde bebuarane for organisert kriminalitet.

Der budde også fleire prostituerte, men Dumitriu har ikkje inntrykk av at det var særleg organisert.

– Det var ein måte å livnære seg på, og skaffe seg stoff, seier Dumitriu.

Sverige kalla den rumenske ambassadøren inn på teppet

Undergrunnen Bucuresti NRK

NRKs reporter undersøker samfunnet under gateplan i Bucuresti.

Foto: NRK

Etter at NRK-saka gjekk på svensk fjernsyn, vart Romanias ambassadør i Stockholm kalla inn på teppet. Saka vart også diskutert i den svenske riksdagen.

Svenske styremakter har bedt Romania om å rydde opp i undergrunnen i Bucuresti. Men det er ukjent om arrestasjonen skjer på grunn av politisk press utanfrå Romania.

– Ingen sosiale problem er løyst

Florian Craciunescu

NRK møtte eks-boksaren Florian Craciunescu i fjor haust. No er han kasta ut av undergrunnen, men håpar å få flytte inn igjen snart.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Dei som budde i undergrunnen, har ikkje fått tilbod om alternativ bustad. Dumitriu fortel at ho snakka med Florian Craciunescu som NRK møtte i fjor haust.

Mor og datter i Bucuresti

Andreea og mora på bussen i Bucuresti saman med NRK i fjor haust. Mora var narkoman og sniffa lakk. Nå skal begge ha blitt berga ut av rusmiljøet av slektningar. Dei er ikkje lenger observert rundt jernbanestasjonen i Bucuresti.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Ingen grunnleggande sosiale problem er løyst.

– Han fortalde meg at det snart vil bli mogleg å reise tilbake til undergrunnen, men eg tvilar på det, seier Dumitriu.

Florian Craciunescu var i fjor haust sambuar med ei kvinne som hadde ei ung jente Andreea. Saman budde dei i undergrunnen til «Bruce Lee».

NRK var med dei til eit senter som delte ut sprøyter. Dumitriu fortel at mor og dotter for ei tid sidan vart henta ut av undergrunnen av slektningar, og at dei no bur på landsbygda og ikkje lenger har kontakt med rusmiljøet i Bucuresti.

Craciunescu skal ikkje ha kontakt med dei lenger.

Bruce Lee over bakken

Florin Hora i sine velmaktsdagar.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt