Hopp til innhold

– Sveltande born kan bli historie

13 millionar menneske står i fare for å bli alvorleg underernærte i årets sveltkatastrofe i Afrika. Men det nedverdigande synet av provisoriske mattelt og sveltande born kan bli eliminert ein gong for alle.

Sultkatastrofe i Sahel, Niger

Eit underernært barn ligg i fanget hjå mor si på ei seng i flyktningleiren Mirriah i Niger.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Historia om Afrika har fått eit nytt kapittel som er i ferd med å feste seg. Det er eit kontinent med stor økonomisk vekst, faktisk er enkelte land dei raskast veksande økonomiane i verda.

– Afrika er ikkje lenger det håplause kontinentet. Afrika har hatt ein svært høg økonomisk vekst dei siste ti åra. Og det gjeld ikkje berre dei landa som har naturressursar som mineral eller olje. Vi har land som til dømes Etiopia, som ikkje er rikt på naturressursar, men som likevel har hatt ein tosifra prosentvekst i mange år.

– Det er ein stor økonomisk aktivitet i Afrika som gir grunnlag for håp, seier Pedro Coceicaô som er sjefsøkonom i Afrika-avdelinga hjå FNs utviklingsprogram UNDP, som nyleg kom med rapporten Human Development Report 2012: Towards a Food Secure Future .

Det store paradokset er likevel:

Kvifor er ikkje Afrika i stand til å omdanne økonomisk vekst til å trygge befolkningane sine med nok mat? Kontinentet har alle føresetnader for å sikre sin eigen mattryggleik.

Ifølgje UNDP er det ikkje mangel på jordbruksland, der er store vassressursar, og klimaet er veleigna til matproduksjon.

Likevel er ein fjerdedel av kontinentets innbyggarar kronisk underernærte. Kvart tredje barn er underutvikla fordi dei får for lite eller feil næring. Og stadig må hjelpeorganisasjonane slå alarm om nye dramatiske hungerkatastrofar.

Men medan dei store hungerkatastrofane når overskriftene, går den kroniske, stillferdige matmangelen ofte under radaren for internasjonal merksemd.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Flyktningleir i Mogadishu

Kvinnene i ein flyktningleir i Mogadishu i Somalia har teke imot sin rasjon mat frå Verdas matvareprogram.

Foto: ABDURASHID ABDULLE / Afp

Vanstyre og kapitalflukt

Kronisk matusikkerheit i Afrika har lange tradisjonar, og skuldast først og fremst fleire tiår med vanstyre.

Mange regime har soge ut det landet har hatt av ressursar, for så å lagre profitten i europeiske bankar eller fordelt dei ut over landets eigen vesle, men velfødde elite.

Heller ikkje den store økonomiske veksten dei seinare åra kjem fleirtalet av befolkninga til gode.

– Den økonomiske veksten i Afrika har ikkje bidrege til å redusere fattigdommen slik den økonomiske veksten i Asia og Latin-Amerika har gjort. Éin årsak er at nokre av sektorane som har størst vekst, ikkje genererer så mange jobbar. Det er til dømes relativt få sysselsette i olje- og mineralsektoren. Dessutan er desse sektorane ofte lausrivne frå resten av økonomien.

– I tillegg er veksten størst i byar og tettbygde strøk, medan majoriteten av befolkninga på landsbygda ikkje merkar noko til den økonomiske framgangen landet deira opplever, seier Coceicaô til NRK.

Dei vestlege landa har også eit tyngjande ansvar for situasjonen. Som føresetnad for at landa skulle få bistand, vart det på 1980- og 90-talet ofte stilt krav som har hatt ugunstige konsekvensar på lang sikt.

Eitt døme er at mange land vart pressa til å gå frå småskala matproduksjon til å drive einsidig og eksportretta jordbruk. Dette har gjort Afrika til ein netto råvareeksportør som er ekstremt sårbar for konjunkturar og prisvariasjonar.

Når det gjeld den kapitalen som blir eksportert ut og sylta ned i sveitsiske bankar, har Vesten også sin del av ansvaret.

– Skulda ligg både hos dei som eksporterer, og hos dei som tek imot, seier Coceicaô.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Tomatdyrking i Sør-Afrika

Sjølv om Sør-Afrika er betre stilt enn mange andre afrikansk land, er deira utforsking av nye måtar å drive på ein inspirasjonskjelde. Utanfor Durban har dei flytta tomatdyrking inn i drivhus, for å sjå om dei kan spare kostbare vassressursar.

Foto: ROGAN WARD / Reuters

Løysinga må vere politisk

Afrika har store ubrukte ressursar, men over heile kontinentet går menneske svoltne. Dette er eit dagleg hån mot menneskeverdet, og styresmaktene oppfyller ikkje sine forpliktingar overfor eigen befolkning, skriv UNDP i rapporten.

Det blir ein vond sirkel, der mangel på riktig og nok næring gjer at menneske ikkje får høve til å leve ut sitt potensial.

Foreldre som er svoltne er mindre produktive og kreative. Barn som går svoltne gjer det dårlegare på skulen, som igjen kan spolere høvet til å skaffe seg utdanning og ei betre framtid.

For samfunnet generelt fører svolt også med seg store kostnader. Underernæring gjer folk langt meir mottakelege for sjukdom, fleire mødrer døyr under fødsel, og svært mange barn døyr av sjukdommar dei normalt skulle tåle.

Dette aukar kostnadene i helsevesenet, samstundes som staten får mindre tilbake frå ein arbeidsstyrke som er svekka av svolt.

– Mattryggleik er heilt avgjerande for menneskeleg utvikling i Afrika, seier sjeføkonomen i UNDP.

Ut av sirkelen

Korleis skal ein så bryte den vonde sirkelen?

Først og fremst må mattryggleik bli løfta til det inste sentrum av politikken, meiner UNDP.

Medan asiatiske land brukte 20 prosent av budsjetta sine på landbruk under «den grøne revolusjonen», brukar afrikanske land i snitt mellom 5–10 prosent av budsjetta sine på landbrukssektoren.

Styresmaktene må legge til rette for at småbønder kan produsere meir mat. Dette vil i sin tur auke matmengda, noko som vil presse prisane ned, og igjen gjere maten meir tilgjengeleg for fleire.

– Å satse på landbruket er først og fremst eit ansvar for dei respektive lands styresmakter. Men her kan vestlege land spele ei viktig rolle ved å legge press på afrikanske makthavarar.

– Dersom ein aukar jordbruksproduksjonen vil ein ikkje berre kjempe mot svolt. Ei auke i produktiviteten vil også skape fleire jobbar og høgare inntekter. Å investere i aktivitetar som aukar jordbruksproduksjonen, bør vere eitt av dei mest sentrale politikkområda både for afrikanske politikarar og for Vesten, seier Pedro Coceicâo.

Underernært barn i Somalia

Det er slik vi e vand med å sjå afrikanske born i Vesten, med store øyar og oppblåste mager.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Vestlege land bør også sjå på sine eigne matsubsidiar og sitt eksportvern, som gjer at det i dag er uråd for afrikanske småbønder å konkurrere som matvareprodusentar, meiner organisasjonen.

Satsing på næring og kvinner

Det er ikkje berre underernæring som gjer at barn lærer dårlegare og at vaksne produserer mindre.

Mange fattige afrikanarar livnærer seg på enkle og næringsfattige råvarer, og også feilernæring har konsekvensar for eit barns utvikling og læreevne.

Rapporten føreslår at ei medviten satsing på å skaffe befolkningane viktige næringsstoff må vere del av kampen for mattryggleiken. Dette kan til dømes skje gjennom modifisering av jordbruksprodukt.

UNDP meiner også at kvinner i langt større grad bør få makta over jordbruksproduksjon og hushaldningar, ettersom kvinner er opptekne av at barns næringsinntak i langt større grad enn det menn er.

Kvinner er viktige matprodusentar, men kvinners kontroll over jordbruksland er mindre i Afrika enn nokon annan stad i verda.

Det manglar ikkje på utfordringar når det gjeld å sikre mattryggleiken i Afrika. Krigar og konflikt, korrupsjon, dårleg infrastruktur og uføreseielege klimatiske endringar gjer legg store hindringar i vegen.

Likevel meiner UNDP at tida med hjarteskjerande bilete av utsveltne afrikanske barn kan bli historie.

– Alle føresetnadene er der for å sikre mattryggleiken i Afrika. Det handlar berre om politisk vilje og satsing, seier Pedro Coceicâo.

SISTE NYTT

Siste nytt