Hopp til innhold

– Roma på randa av kollaps

Den italienske hovudstaden Roma opplever si verste krise sidan krigen. Borgarmeisteren vedgår at administrasjonen «i all hovudsak er roten». Fiumicino-flyplassen er delvis stengt, og byen ber kraftig preg av manglande vedlikehald.

Kaos på t-banestasjonane i Roma.

Streikar har ført til kaos på T-banesystemet i Roma. Det går ofte 25 minutt mellom kvart tog, og då blir det fort lange køar.

Foto: MAX ROSSI / Reuters

– Roma er på randa av kollaps. Det er ikkje akseptabelt at ein storby som reknar seg som moderne, kan vere i så stor grad prega av forfall, seier leiaren for handelskammeret i byen, Giancarlo Cremonesi til nyheitsbyrået Reuters.

Det er mange teikn på forfall i Roma. Arbeidet i administrasjonen er lamma etter avsløringane av at ei mafiagruppering kalla Mafia Capitale (hovudstadsmafiaen) har infiltrert byadministrasjonen og sikra seg nærmast eit sugerøyr inn i bykassa .

Mafia Capitale

Borgarmeister i Roma, Ignazio Marino.

Borgarmeister Ignazio Marino vedgår at store delar av administrasjonen i Roma er roten.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

Infiltrasjonen skjedde i hovudsak under den tidlegare borgarmeisteren, Gianni Alemanno, som er under politietterforsking. No meiner etterforskarane at mafiagrupperinga har greidd å spreie fangarmane sine også inn i den nye administrasjonen til sentrum/venstre-borgarmeisteren Ignazio Marino.

Marino er sjølv ikkje mistenkt, men fleire medlemer av administrasjonen hans er under etterforsking. Sist månad vart 44 personar arresterte i saka.

I eit innlegg i storavisa Corriere della Sera denne veka vedgår Marino at store delar av den romerske administrasjonen «i all hovudsak er roten». Han lovar likevel å halde fram kampen for å rydde opp.

– Det er kraftig motstand mot å gjere endringar her, men eg kjem ikkje til å gi opp, skriv han i innlegget.

Søppelproblem i Roma.

Søppelet hopar seg opp i sentrumsgatene i Roma. Det har igjen ført til rotteinvasjon.

Foto: MAX ROSSI / Reuters

Rotteinvasjon i sentrum

Store forseinkingar på Fiumicino-flyplassen i Roma.

Fiumicino-flyplassen er prega av store forseinkingar etter ein brann i mai i år.

Foto: MAX ROSSI / Reuters

Den største avisa i Roma, «Il Messaggero», hadde følgjande toppoppslag ein dag sist veke: «Roma raknar i saumane».

Avisa viste blant anna til ein rotteinvasjon i sentrum av byen. Søppelet hopar seg opp, graset veks vilt langs fortauskantane, graffitien grip stadig meir om seg og byen si gjeld er oppe i 14 milliardar euro, 126 milliardar norske kroner.

Arbeidsløysa har ikkje vore høgare sidan 1970-talet, den økonomiske nedgangen er den største sidan andre verdskrig. T-banesystemet har vore ramma av mange ulovlege streikar, noko som har ført til store forseinkingar.

Roma er eitt av verdas mest populære turistmål, 10,6 millionar turistar var innom byen i fjor. I 2016 er det venta 25 millionar pilegrimar til byen, etter at pave Frans har erklært 2016 for eit ekstraordinært heilagt år, eit såkalla jubelår.

LES OGSÅ: Prestisjetung æresmedalje til drapstrua journalist

– Treng eit mirakel

Leiaren i Romas handelskammer, Giancarlo Cremonesi, fryktar at situasjonen i byen blir endå verre i 2016, når hordar av pilegrimar kjem til «Den evige stad».

- Bønene til paven er ikkje nok. Vi treng eit skikkeleg mirakel frå Vårherre dersom Roma skal stå fram som ein bra by, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

– Alle kundane mine seier at Roma er ein vakker by, men alle, utan unntak, klagar på dårleg service, seier Marcello Lazazzera til nyheitsbyrået Reuters. Han driv den vesle overnattingsstaden Domus Cornelia i sentrum av byen.

– T-banetoga kjem aldri i tide, stasjonane er fulle av lommetjuvar og gatene er fulle av søppel. Og situasjonen blir stadig verre, seier den fortvilte vertshuseigaren.

Pave Frans i Asuncion i Paraguay 14. juli 2015.

Pave Frans, her i Asuncion i Paraguay tysdag denne veka, har erklært 2016 for eit jubelår. Det er venta 25 millionar pilegrimar til byen.

Foto: OSSERVATORE ROMANO / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt