Hopp til innhold

– Nato vurderer direkte innsats mot IS

USAs forsvarsminister Ashton Carter sa i kveld at Nato no vurderer å bli med i den USA-leidde koalisjonen som kjempar mot terrorgruppa IS.

BELGIUM-NATO-DEFENCE

USAs forsvarsminister Ashton Carter på talarstolen i Nato-hovudkvarteret i Brussel i kveld.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

– Takka vere leiarskapen til NATO-sjef Jens Stoltenberg, ser vi no på korleis Nato kan gå inn i koalisjonen som medlem, sa Carter til journalistar i Brussel i kveld. Alle dei 28 medlemslanda i Nato er med i koalisjonen mot IS, men Nato som organisasjon er ikkje med.

Endring av Natos rolle

Ifølgje nyheitsbyrået AFP har fleire land vore motstandarar av at forsvarsalliansen skal direkte involvere seg i krigen mot IS, men land som USA har gått inn for ei endring av rolla til Nato. Dette fordi IS utgjer ein stadig større trussel, blant anna ved at dei no byggjer seg opp i Libya og på den måten kjem endå nærmare Europa.

Jens Stoltenberg

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg har tidlegare poengtert at Nato som organisasjon ikkje er med i krigen mot IS.

Foto: EVN

Carter sa etter eit møte i Nato-hovudkvarteret i kveld at det å få Nato direkte inn i krigen mot IS vil vere ei viktig utvikling i kampen.

– Nato som ny medlem i koalisjonen vil gi koalisjonen ein unik kapasitet, blant anna i bygging av partnarskap og trening av bakkestyrkar. Eg ser fram til å diskutere rolla til Nato med representantar for medlemslanda i dei komande dagane og vekene, sa den amerikanske forsvarsministeren.

– De som kontrollerer Aleppo, har kontroll over Syria

Minst 500 skal være drept i russisk-støttet Aleppo-offensiv

Støttar innsatsen

Jens Stoltenberg har sagt fleire gonger dei siste månadene at Nato fullt ut støttar medlemslanda sin innsats i kampen mot IS, men han har også gjort det klart at forsvarsalliansen ikkje har noko direkte rolle i konfliktane i Irak og Syria.

Ashton Carter bad på møtet i Nato-hovudkvarteret i dag om auka innsats mot terrororganisasjonen IS. Han gjorde det klart at USA er fast bestemt på å trappe opp krigen og drive IS ut av kjerneområda i Syria og Irak snarast mogleg.

Dette blir sett på som at USA no legg ekstra press på Nato-allierte om at landa må auke innsatsen mot IS.

– De som kontrollerer Aleppo, har kontroll over Syria

SISTE NYTT

Siste nytt