Hopp til innhold

– Har kutta viktigaste forsyningslinja til IS

Kurdiske styrkar har i praksis delt området til IS i to, etter at dei tok kontroll over ein strategisk viktig by i Nord-Irak i dag.

Kurdisk reporter tett på kampene i Sinjar.

Ein reporter frå TV-kanalen Kurdistan 24, er med på den farlege klareringa av byen Sinjar. Det var truleg rundt 600 IS-krigarar i byen. Dei har gjort retrett.

– Formålet med offensiven var å blokkere den viktigaste forsyningslinja til IS frå Sinjar til Mosul, og frå Sinjar til Raqqa.

Det er ein strategisk siger at hovudvegen mellom dei to «IS-hovudstadane» no er stengd, fortel Soran Ghorbani til NRK på telefon.

Sinjar2

Ghorbani er frilansjournalist, og har vore saman med dei kurdiske styrkane under erobringa av byen Sinjar.

– Mangel på forsyningar førte til at IS-krigarane gjekk tomme for ammunisjon, og raskt tapte terreng mot dei kurdiske styrkane, seier han.

Soran Ghorbani i Sinjar

Soran Ghorbani i den utbomba byen Sinjar i Nord-Irak. Han seier til NRK at IS-krigarane gjekk tomme for ammunisjon, fordi motorveg 47 mellom Mosul og Raqqa er blokkert av kurdiske styrkar. Sør om byen er det ørken, som er meir tungvindt å forsere.

Foto: Soran Ghorbani

Ghorbani fortel at dei kurdiske styrkane no er i ferd med å lage kringvern rundt byen, for å forsvare den mot eventuelle motangrep frå IS.

Heisa det kurdiske flagget over Sinjar

Kurdisk flagg Sinjar

Det kurdiske flagget blir heist på ein fabrikk i Sinjar.

Foto: Kurdistan 24

TV-kanalen «Kurdistan 24», viste i dag bilde av eit digert flagg som vart heist på ei fabrikkbygning.

– Sinjar er frigjort, vi skal aldri la nokon erobre denne byen igjen, seier ein glad Peshmerga-kommandant til «Kurdistan 24».

Ein farleg jobb å sikre byen

– Heile byen vart teken på seks timar, no er den største faren ueksploderte bomber og landminer, fortel Soran Ghorbani til NRK på telefon.

Det skal ikkje vere fare for snikskyttarar, men minefeller og samanraste hus forseinkar sikringsarbeidet.

MIDEAST CRISIS/IRAQ-SINJAR Members of the Kurdish peshmerga forces gather in the town of Sinjar

Kurdiske geriljasoldatar kunne i dag feire at dei hadde teke tilbake Sinjar frå IS.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

– Hadde ikkje klart å ta byen utan luftstøtte

Ghorbani fortel at amerikanske jagarfly bomba byen i går og i natt, før dei kurdiske styrkane gjekk til angrep på byen.

– Bombinga var svært effektiv. I går var det rundt 48 luftangrep. Den kurdiske kommandanten seier dei ikkje hadde klart å ta byen utan luftstøtte, fortel Ghorbani.

Er det amerikanske spesialstyrkar i området som hjelper jagarflya med å sikte seg inn på mål?

– Eg har sett britiske og amerikanske spesialstyrkar i området, men dei vil ikkje snakke med media, fortel Ghorbani.

Sinjar etter slaget

Sinjar sentrum ligg i ruinar.

Foto: Bram Janssen / Ap

Byen er fullstendig rasert

Bilde frå Sinjar viser at byen ligg i ruinar. Den var opphavleg busett av jesidiar, ein kurdisk religiøs minoritet, som hentar inspirasjon frå kristendom, jødedom og Islam. Dei blir sett på som vantru av islamistane IS.

Jesidiane har vore offer for dei verste overgrepa som IS har stått bak. Som masseavrettingar og seksuelle overgrep mot kvinner.

IRAQ-SYRIA-CONFLICT-US-SINJAR

Ein eldre jesidi-krigar har vore med på å ta tilbake heimstaden sin.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

– Det finst ikkje sivile igjen i byen, men om lag 7000 jesidiar har gøymt seg i Sinjar-fjellet rett nord for byen, dei har det travelt med å kome seg heim. Men det er ikkje trygt enno, så kurdiske styrkar har hindra folk i å reise inn til byen, fortel Ghorbani til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt

Ukraina skal ha skutt ned russisk bombefly – Nato lover mer luftvern

En utålmodig og desperat Volodymyr Zelenskyj trygler verden om mer støtte. En ekspert tror det blir kritisk for Ukraina å få mer luftvern.