Hopp til innhold

– Hadde IS stått bak, ville dei ha skrytt av det

Ein britisk terroranalytikar, som følgjer IS og andre grupper tett, meiner det er lite sannsynleg at terrororganisasjonen IS står bak EgyptAir-styrten i Middelhavet natt til i går.

Sak + live fra Dagsrevyen om flystyrten i Middelhavet.

VIDEO: Flystyrten et mysterium

Shariz Maher er knytt til International Center for the Study of Radicalisation (ICSR) ved Kings College i London. Han seier til nyheitsbyrået Ap at IS i dag la ut ein 20 minutt lang video om korleis dei har lagt planar om å erobre India.

– Dersom IS var involvert i flystyrten, så ville det ha vore veldig rart om dei la ut denne videoen i staden for å skryte av å ha gjennomført eit angrep mot flyet, seier Maher. Han følgjer IS og andre ekstreme grupper tett på Internett.

Vrakrestar funne

Seniorforskar Shiraz Maher ved ICSR.

Terrorforskaren Shiraz Maher trur ikkje IS står bak flystyrten i Middelhavet natt til torsdag.

Foto: ICSR

Det var natt til torsdag at EgyptAir flight nummer MS 804 frå Paris til Kairo forsvann frå radaren, berre 20 minutt før flyet skulle lande i Kairo. I dag er det funne vrakrestar frå det som etter alt å dømme er flyet i havet 200 kilometer utanfor den egyptiske hamnebyen Alexandria.

Det var 66 menneske om bord i flyet, ein Airbus 320, og det er truleg ingen overlevande.

Shariz Maher minner om at både IS og Al Qaida tidlegare har vore raskt ute med å ta på seg skulda for angrep dei har stått bak.

– Denne gongen har det ikkje kome truverdige, heller ikkje delvis truverdige, fråsegner der nokon har teke på seg ansvaret for eit angrep mot flyet, seier han.

– Høgst uvanleg

Flystyrt i Middelhavet.

Pårørande trøystar kvarandre under fredagsbøna i ein moske i Kairo i dag. 66 menneske miste truleg livet i flystyrten i Middelhavet natt til torsdag.

Foto: MOHAMED METEAB / Afp

Maher meiner også at det ville vere høgst uvanleg dersom IS skulle angripe eit fly der dei fleste av dei om bord var muslimar.

Samstundes seier tre anonyme tryggingstenestemenn, som har sett passasjerlista, at ingen av dei som var om bord i MS 804 stod på lista over personar som er mistenkte for å vere med i, eller ha kontakt med, terrororganisasjonar.

Førebelse undersøkingar av satellittbilete tyder på at EgyptAir-flyet ikkje vart ramma av ein eksplosjon , seier kjelder ved fleire amerikanske tryggingstenester til Reuters.

Ein patruljebåt frå den franske marinen gjekk ut frå hamna i Toulon i ettermiddag for å delta i leiteaksjonen i det sørlege Middelhavet. Fartøyet har avansert sonarutstyr om bord som skal gjere det mogleg å finne dei såkalla svarte boksane til flyet.

Desse boksane inneheld viktig informasjon om kva som skjedde i flyet før styrten.

Familie på fire blant dei sakna

Nøkkelspørsmål rundt det styrtede Egyptair flyet

– Terror sannsynleg

Fly som deltek i leitinga i Middelhavet.

Dette greske militærflyet, stasjonert på Kreta, deltek i leitearbeidet i det sørlege Middelhavet.

Foto: COSTAS METAXAKIS / Afp

I går sa fleire ekspertar at ein terroraksjon var langt meir sannsynleg årsak til styrten, enn feil på flyet. Det faktum av flyet var relativt nytt, og at det ikkje vart sendt ut naudmelding, talar for dette.

Frankrikes utanriksminister Jean-Marc Ayrault sa i dag tidleg at dei ser på alle alternativ, og at det eine ikkje er meir sannsynleg enn det andre.

Fleire ekspertar har også peika på at Charles de Gaulle-flyplassen i Paris har eit svært høgt tryggingsnivå, og at det ville ha vore nesten umogleg å plassere ei bombe om bord.

SISTE NYTT

Siste nytt