Hopp til innhold

– Gjengvaldtekter og massedrap på sivile

Menneskerettsgruppa Human Rights Watch skuldar sørsudanske regjeringsstyrkar for å stå bak masseveldtekter og bestialske drap på sivile under ein militær offensiv i delstaten Unity i april i år.

Mange kvinner vart fordrivne frå heimane sine under kampane i Unity-provinsen.

Desse kvinnene er blant dei mange som måtte flykte frå heimane sine under offensiven til regjeringsstyrkane i delstaten Unity i april i år.

Foto: ANDREEA CAMPEANU / Reuters

Regjeringssoldatar gjekk saman med allierte militsgrupper til ein militær offensiv i den oljerike delstaten. Det har vore borgarkrig i Sør-Sudan sidan desember 2013, ein open strid mellom soldatar som er lojale til president Salva Kir og opprørsstyrkar som støttar den tidlegare visepresidenten Riek Machar.

– Angrepa på sivile og den omfattande brenninga og plyndringa av eigedom i den siste offensiven, kan vere krigsbrotsverk. Drapa og valdtektene kan også kom inn under kategorien «brotsverk mot menneskeslekta», heiter det i ei fråsegn frå Human Rights Watch.

Les heile rapporten her

Avviser alt

Salva Kiir

Ein talsmann for president Salva Kir avviser kategorisk skuldingane om vilkårlege drap og valdtekter av regjeringsstyrkane.

Foto: ANDREEA CAMPEANU / Reuters

– Brutale angrep mot flyktande sivile kombinert med omfattande nedbrenning av landsbyar, mat og andre ting menneske treng for å overleve, tyder på at regjeringa sitt mål var tvinge folk bort frå heimane sine, seier Afrika-direktør i Human Rights Watch (HRW), Daniel Bekele.

Ein talsmann for den sørsudanske presidenten, Ateny Wek Ateny, seier at regjeringa kategorisk avviser alle skuldingar frå HRW om brot på menneskerettane, drap og valdtekter. Han seier at det dei er skulda for aldri har skjedd.

– Om det kom fram at våre regjeringsstyrkar har gjort seg skuldige i krigsbrotsverk eller brotsverk mot menneskeslekta, så ville dei straks ha blitt stilte til ansvar, seier Ateny i ein E-post til nyheitsbyrået Reuters.

LES OGSÅ: Vert lurte til å flykte til krigsherja Jemen

LES OGSÅ: To menn kan stanse krigen i Sør-Sudan

Kvinner på flukt i Sør-Sudan.

Mange vart drivne frå heimane sine i Unity-provinsen under kamphandlingane der i april. Desse kvinnene

Foto: SIMON WAAKHE WUDU / Afp
Sørsudanske soldatar i Unity-provinsen

Ein rapport frå Human Rights Watch kjem med harde skuldingar mot regjeringshæren si framferd i Unity-provinsen i april i år.

Foto: ANDREEA CAMPEANU / Reuters

Mange sivile drepne

Rapporten frå HRW, som har fått namnet «They Burned it All» (Dei brende alt), er basert på intervju med 170 offer og augevitne. Dei har fortalt at minst 60 sivile, mange av dei born og eldre, vart drepne under offensiven.

– Dei køyrde etter folk med tanks, og etter å ha køyrt over dei, så rygga dei over dei igjen for å vere sikre på at dei var døde, fortel ei kvinne i rapporten.

Over er 60 kvinner vart valdtekne, og det vart mange gjengvaldtekter, går det fram av rapporten. Berre ei av kvinnene som overlevde fekk tilbod om legehjelp.

– Jenter og kvinner sit att med byrdene av denne brutale offensiven, etter at dei vart utsette for valdtekter, bortføring, valdsbruk og slavearbeid, seier Daniel Bekele i Human Rights Watch.

LES OGSÅ: Kvar femte flyktning kjem no frå Syria

LES OGSÅ: Akutt behov for hjelp i Sør-Sudan – millionar trua av svolt

SISTE NYTT

Siste nytt