Hopp til innhold

– Boko Haram er verre enn IS

– Me snakkar for lite om Nigeria og Boko Haram, og sannsynlegvis for mykje om IS i dag, meiner generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland.

Jan Egeland og Boko Haram

Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, meiner Boko Haram sine herjingar i Nord-Nigeria er verre enn Den islamske stat.

– IS utvidar ikkje sitt territorium, dei er til dels på tilbakegang mange stader. Boko Haram utvidar sitt terrorområde, dei er i aukande grad aktive i nabolanda, og det er ingen effektiv plan for å stanse deira herjingar, seier Egeland.

Høyr Egeland og Nellemann i reportasje sendt i «Urix på laurdag» i P2, laurdag 31. januar.

– Hadde brydd oss meir om dei angreip i sør

Han meiner den afrikanske terrorgruppa er ei større frykt for folk i Nord-Nigeria enn det IS er for folk i Irak og Syria. Men det er «Den islamske stat» som likevel får dei største og fleste overskriftene.

– Det er kanskje fordi me fryktar at dei skal kome hit til Europa, ei frykt me kanskje overdriver sterkt. Afrika er lengre borte både mentalt og fysisk, seier Egeland.

– Trur du Noreg og Vesten hadde brydd seg meir om Boko Haram herja nærare dei økonomiske sentra og oljeinstallasjonane i Sør-Nigeria?

– Det er eg heilt sikker på. Eg trur også at nigerianske styresmakter hadde brydd seg meir, seier Egeland.

Får støtte frå FN-forskar

Den tidlegare FN-toppen seier vidare at Boko Haram sin framgang er vel så alvorleg for Afrika, enn det er for Midtausten at IS har tatt det territoriet som dei har tatt.

Og Egeland får delvis støtte frå Christian Nellemann, som jobbar for FN med å kartlegge finansiering av terror og konfliktar i Afrika. Nellemann meiner IS framleis er langt sterkare enn Boko Haram, men ...

– ... det kjem til å forandre seg no. For første gong er Boko Haram oppe på eit nivå kor dei tener mykje pengar. Det aukar no, og kjem til å auke dramatisk i 2015. Og det betyr at dei kan rekruttere heilt andre styrker. Så me risikerer at Boko Haram i løpet av året blir like sterke som Den islamske stat, seier Nellemann.

Krev inn skatt frå landsbyhøvdingar

Han viser til at Boko Haram tener mykje pengar på å krevje inn skattar frå lokale landsbyhøvdingar i Nigeria. Den brutale skattlegginga går føre seg ved at det vert kravd ei viss avgift for kvar bustad som finst i landsbyen, og om ikkje totalavgifta for byen vert betalt, så angrip Boko Haram byen.

Førebels har Nigeria prøvd å stanse Boko Haram åleine, utan hell. Denne veka vedtok Den afrikanske union at det skal opprettast ein eigen innsatsstyrke på 7.500 soldatar. Nigeria har ikkje offisielt etterspurd ein slik styrke, men har så langt ønskja initiativet velkome.

SISTE NYTT

Siste nytt